Frisklivsresept

Å ha ein Frisklivsresept inneberer at du blir fylgt opp av Frisklivssentralen i ei periode på 12 veker – dette omtalar vi som Frisklivsperioden. Denne perioden kan forlengast ved behov. Frisklivsperioden startar og avsluttar med ein Helsesamtale og eventuelt ei kartlegging av di fysiske form. Sjå bilete for ei oversikt over oppfølgingstilbodet til Frisklivssentralen.

Timeplan frisklivssentralen 2018 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Korleis få tak i ein Frisklivsresept


Pr dags dato finst det tre måtar du kan få tak i ein frisklivsresept (PDF, 256 kB) på:

  • Ta direkte kontakt med Frisklivssentralen via telefon eller personleg oppmøte
  • Laste ned resepten (PDF, 256 kB), fyll ut denne og sende inn til vår postadresse
  • Helsepersonell (t.d. fastlege) kan tilvise deg

Vidare prosess

  1. Når vi har mottatt di tilvising tek vi kontakt med deg via telefon for å avtale eit tidspunkt for å gjennomføre Helsesamtale I
  2. Vi gjennomfører Helsesamtale I kor vi kartlegg dine behov og dine mål for deltaking på tilbodet. Saman vurderer vi om deltaking på Frisklivssentralen sine tilbod er aktuelle for deg
  3. Dersom deltaking er aktuelt lagar vi saman ein plan for Frisklivsperioden din og frisklivsrettleiar signerer Frisklivsresepten
  4. No er Frisklivsresepten gyldig og du kan delta på tilboda til Frisklivssentralen dei neste 12 vekene.
  5. Etter 12 veker gjennomfører vi Helsesamtale II og evaluerer måla dine for Frisklivsperioden og legg samtidig ein plan for vegen vidare.

 

Frisklivsresepten kostar 400,-, men Helsesamtale I er gratis og ein betalar ingenting dersom vi finn ut at tilbodet ikkje er aktuelt for deg. Du kan dermed trygt ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.

Kontakt

Ulrik Vik Nakken
folkehelse- og frisklivskoordinator
E-post
Mobil 917 29 469