Helsestasjon for ungdom og studentar

Helsestasjon for ungdom (opp til 20 år) og studentar (opp til 25 år) held til i paviljong-bygget på Øyra skule. 

Helsestasjon for ungdom og studentar - opningstider
Tysdag og torsdag I skuleferiar Lege tilstades tysdagar
14.00-16.30 14.00-16.00 frå kl 14.00

På helsestasjon for ungdom og studentar (HFUS) kan du få hjelp med ulike problem knytta til fysisk og psykisk helse som t.d. prevensjon, klamydiatesting, depresjon, angst, rusproblem, spiseforstyrringar, smerter, kriser, menstruasjonsplager, seksuelle vanskar m.m.

Her kan ein få snakke med helsesjukepleiar og lege. Alle har teieplikt. 

Du treng ikkje avtale time, men møter opp i opningstida. 

Sjå Helsestasjonsportalen for meir informasjon.

Viktige telefonnummer for ungdom og studentar
Viktige hjelpetelefonar Telefonnummer Opningstider
Suss-telefonen 800 33 866 måndag-fredag kl 15.00-20.00
Telefon for seksuell helse 810 02 244 måndag- torsdag kl 17.00-20.00
Homofiles ungdomstelefon 810 00 277 alle dagar kl 18.00-22.00
Barn og unges kontaktelefon 800 33 321
Kirkens SOS 224 00 040
Mental helse hjelpetelefon 810 03 339

 

Helsestasjon for ungdom og studentar held til i paviljong-bygget på Øyra skule: