Tuberkulosekontroll

Kjem du frå land der tuberkulose er utbredt, har du plikt til tuberkuloseundersøking som omfattar røntgen av lungene og eventuelt ei blodprøve.

Tuberkulose skyldast bakterien Mycobacterium tuberkulosis som kan blir spreidd  ved dråpesmitte (hosting og nysing). Tuberkulosekontrollen har som fremste formål å hindre smitteoverføring ved å stille ei tidleg diagnose og behandle sjuke så raskt som mogleg. Eit anna formål er å finne personar som er smitta, men som enno ikkje har vorte sjuke (latent tuberkulose) slik at dei får behandling.

Ein får utført tuberkulosetest gratis ved Volda helsestasjon. Ta kontakt for timebestilling, på telefon: 70 05 88 20

Personar der det er mistanke om tuberkulosesmitte eller -sjukdom, skal ta direkte kontakt med legevakta. Telefon til legevakt: 116117. 

Les meir om rutinemessig undersøking for tuberkulose (fhi.no).