Kreftomsorg

Fleire menneske får kreft, fleire overlever og fleire lever lenger med kreft.

Når kreft rammar, er det ikkje berre pasienten som vert råka, og spørsmåla kan vere mange, både for den som er sjuk og dei nære rundt.

Det kan dukke opp mange samansette problem eller behov.

Kreftkoordinator kan vere ein kontaktperson som er tilgjengeleg for kreftpasientar og pårørande, i alle fasar av sjukdommen.

Kreftkoordinator kan vere med på å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen.  

Kreftkoordinatortenesta er eit lavterskeltilbod. Pasientar og pårørande kan ta direkte kontakt sjølve. Det kan også henvisast frå behandlar i Helseforetak, fastlege eller anna helsepersonell. Ein treng ikkje ha andre kommunale tenester.

Ein kreftkoordinator veit ikkje alt, men veit kvar ho skal henvende seg for å få svar.

Kreftkoordinator kan bl.a. bidra med:

 

  • Gje råd, rettleiing og informasjon
  • Støttesamtalar, hjelp til meistring
  • Førebyggande tiltak og opplysing om kreft
  • Vere eit bindeledd til andre tenester i kommunen, til spesialisthelsetenesta og andre relevante instansar (NAV, Helfo ol.)
  • Ivareta born og unge som pårørande
  • Arbeide for gode rutiner og system i kommunens kreftomsorg
  • Undervising, opplæring og råd til aktuelle samarbeidspartnarar

 

Kreftkoordinator i Volda kommune: Kristin Finsådal Drabløs

Kontorstad: Volda omsorgssenter, Barstadmarka 2, 6102 VOLDA

Kreftkoordinatoren er å treffe kvar tysdag frå 09.00-15.30, men telefonen er betjent alle kvardagar.

E-post: kristin.finsadal.drablos@volda.kommune.no

Telefon: 957 92 372

Ordninga er støtta av Kreftforeininga, https://kreftforeningen.no/.

Kontakt

Anne-Kristin Rostad
kreftkoordinator
E-post
Telefon 70 05 40 41
Mobil 957 92 372