Pakkeforløp psykisk helse barn og unge

Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar. 

Kva er pakkeforløp psykisk helse barn?

Pakkeforløp for psykisk helse skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Du skal få meir innverknad på behandlinga, og den skal bli evaluert systematisk undervegs.

Pakkeforløpet skal bidra til å sette god praksis i system. Målet er å stadig forbetre behandlingstilbodet på psykisk helse og redusere uønska variasjon av tilbodet i landet, slik at alle får så god og effektiv behandling som mogleg.