Rus- og psykisk helseteneste

Psykiske helseproblem og rusmiddelproblem skjer i alle aldersgrupper og i alle deler av befolkninga. Ein del klarer å handtere situasjonen ved eigen innsats og med støtte frå familie og nettverk. Andre har behov for hjelp fra helsetenesten.

Kva er teneste for psykisk helse og rus?

Tenesta er eit lågterskeltilbod og ein integrert del av dei øvrige helse- og omsorgstenestene.

Kven kan få tilbod om denne tenesta?

Tenesta har personale med fagleg kompetanse innan psykisk helse- og rusarbeid. Tenestene er gratis og det er låg terskel på å få oppretta tenester.

Det er ikkje naudsynt med tilvisning frå lege eller andre offentlege instansar og det er kort ventetid. Det betyr at du sjølv, pårørande eller andre i hjelpeapparatet kan ta direkte kontakt med oss.

Teneste for rus psykisk helse samarbeider med lege, NAV, barnevern, tildelingskontor, helsestasjon, skule, heimeteneste og spesialisthelsetenesta innan psykisk helse og rus.

Om tenesta

Brukarar av teneste for rus- og psykisk helse kan få følgjande tilbod:

Psykososial oppfølging, førebygging/ettervern, trening/oppfølging i forhold til dagliglivets aktivitetar, individuell oppfølging og tilrettelegging, arbeidsførebuande og meningsfylte aktivitetar, rehabilitering, oppfølging og bistand i bolig, administrering av medisin, koordinerende tjenester og utarbeiding av individuell plan, kurs i mestring av depresjon.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Korleis får du tenesta/korleis søker du?

Du må sende inn søknadsskjema om å motta omsorgs- og helseteneste.

Når kan du vente svar?

Søknader vert fortløpande behandla i inntaksmøte kvar tysdag

Kontaktinformasjon

Barstadmarka 2                                                               
Volda omsorgssenter
6100 Volda      
Sentralbord 700 54000   

Leiar for Rus og psykisk helseteneste: Elin Høydal Vatne

Pårørandekontakter

Er du pårørande og har behov for å ta kontakt med oss? Då kan følgjande personar svare på eventuelle spørsmål:

Geir Sæther
E-post: geir.sater@volda.kommune.no
mobil: 912 46 890

Marita Øye
E-post: marita.oye@volda.kommune.no
mobil: 912 46 379

Kari Grong
E-post: kari.bjerkeng.grong@volda.kommune.no
mobil: 468 21 748