Jordmor

Alle foreldre skal få eit tilbod som sikrar at borna skal få ein god start på livet.

Tilbodet om svangerskapsomsorg er frivillig og du kan sjølv bestemme kvar du vil gå til kontroll. Jordmor eller lege kan gje deg skriftleg og muntleg informasjon om svangerskapsomsorga.

Vi rår deg til å følgje ein plan for svangerskapsomsorga som kan tilpassast individuelt. I vår kommune samarbeider jordmor og fastlege om omsorga og kontrollprogrammet for den gravide. Den første kontrollen er hos jordmor.

Ved første kontroll hos jordmor eller lege får den gravide utlevert ”Helsekort for gravide”, ho får relevant informasjon og det vert teke blodprøve. ”Helsekort for gravide” og blodprøvesvara skal den gravide ha med seg til alle kontrollar og til fødeavdelinga.

Den gravide får tilbod om ultralyd i veke 17-20. Denne vert bestilt ved første kontroll, og går føre seg ved Volda sjukehus.

Ved kvar kontroll vert mellom anna blodtrykk, vekt og urinprøve kontrollert. Hugs å ta med urinprøve til kvar kontroll.

Jordmor lyttar på fosterlyden og måler barnet sin vekst ved kvart besøk.

Den gravide vel sjølv om ho vil ha etterkontroll hos jordmor eller lege om lag 6 veker etter fødselen.

Samarbeidspartnarar er Fastlegar som kvinnene brukar, helsesøstrene ved helsestasjonen, Kvinneklinikken Volda- og Ålesund sjukehus, og eventuelt andre instansar etter behov.

Kontakt

Turid Sporsheim Urkegjerde
helsesekretær
E-post
Telefon 70 05 88 20
Gunvor Bergem Lia
kommunejordmor
E-post