Influensavaksine

For nokre kan influensa gje alvorlege komplikasjonar. Helsegevinsten kan vere stor om du vaksinerer deg. Personar i risikogruppene bør ta vaksine mot influensa årleg

Kven bør vaksinere seg?

Influensavaksine vert anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)

Barn og vaksne med:
• diabetes mellitus, type 1 og 2
• kronisk luftvegssjukdom
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt
• kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• nedsett infeksjonsforsvar
• svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
• annan alvorleg eller kronisk sjukdom

Dei som bur tett innpå, eller jobbar med menneske i risikogruppene, kan vurdere å ta vaksina for å unngå å smitte desse utsatte personane. Vaksina må tilpassast dei aktuelle virusstammene kvart år. Derfor råder ein til at personar i risikogruppene tek vaksina årleg.

Korleis kan ein få vaksine?

Dei som ønsker influensavaksine må vende seg til Volda Legesenter. Gravide kan få vaksine hos jordmor.

Kva kostar vaksina?

Prisane vert regulert årleg. 

Kontakt:

Volda legesenter, tlf. 70 05 89 00

http://www.voldalegesenter.no/

Kontakt

Turid Sporsheim Urkegjerde
helsesekretær
E-post
Telefon 70 05 88 20
Bodil Ljones
jordmor
E-post
Mobil 994 36 921