Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Kva er parkeringsbevis?

Parkeringsbeviset gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar nær hovudinngang og eventuelt heis. Beviset er personleg og kan nyttast både som sjåfør og passasjer.

Kven kan søke om parkeringsbevis?

Parkeringsløyve vert gjeve til bilførarar eller passasjer som har særleg behov for parkeringslette knytt til bustad og annan aktivitet fordi vedkomande har problem med å gå. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis kan ein søke om parkeringsbevis?

Klikk her for å kome til søknadsskjema.

Søknadsskjema på papir og informasjon får ein på tildelingskontoret på Volda omsorgssenter, Barstadmarka 2.
Legeattest skal ligge ved søknaden.

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottek vedtaket.

Her er link for å søke om parkeringsbevis for institusjon med forflyttningshemma.

Kva dekkjer tenesta?

Parkeringsbeviset gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar nær hovudinngang og eventuelt heis.

  • Beviset gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg. 
  • Beviset gjeld også i heile Europa, men då etter dei enkelte land sine reglar. 
  • Løyvet blir gitt vanlegvis for 2-5 år.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så raskt som råd, og seinast innan tre veker.