Tilrettelgt transport - TT kort

Tilrettelgt transport - TT kort

Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, for personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise med kollektivtransport.  Det blir ikkje tatt inn nye brukarar i 2024.

Tilrettelagt transport – TT kort

Informasjon om nye retningslinjer for ordninga med tilrettelagd transport, TT-ordninga i Møre og Romsdal

Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, for personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise med kollektivtransport. 
Transporttenesta kan vere til hjelp slik at dei kan få høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet.

TT-ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggjarane. Fylkeskommune vedtek beløpet som skal brukast, og korleis TT-ordninga skal organiserast.

  • Det blir innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024
  • TT-kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigenandelen
  • Brukarar som ikkje har nytta TT-midlane i 2022, vert tekne ut av TT-ordninga frå og med 1. januar 2024. Dei det gjeld kan søke på nytt om TT-midlar på vanleg måte.
  • Det vert oppretta ventelistever for dei som søkjer og ikkje får tilbod om reisestøtte
  • Eksisterande TT-brukarar må innan 1. oktober 2024 søke om TT-midlar for 2025 etter dei nye retningslinene   (Nye skjema blir lagt ut når dei ei klare, i god tid før fristen)
  • Det blir ikkje tatt inn nye brukarar i TT-ordninga i 2024

 

Sjå meir på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune

Gjeldande retningsliner

Fylkestinget har vedteke nye retningsliner, gjeldande frå og med 1. januar 2025, og at TT-budsjettet frå og med 2024 blir redusert frå 15 millionar til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av dette må talet på brukarar i ordninga reduserast.

Det kjem meir informasjon før dei nye retningslinene trer i kraft i 2025

Slik søker du 

Det er heimkommunen di som behandlar søknadar om TT-kort. Du sender søknaden til kommunen, saman med legeerklæring som er utfylt av til dømes lege, fysioterapeut eller ergoterapeut.

Søknadsfrist

Det blir ikkje tatt inn nye brukarar i TT-ordninga i 2024, men eksisterande brukarar må søke om TT-kort frå 2025 innan 1. oktober 2024. Nye skjema blir lagt ut når dei ei klare, i god tid før fristen.

Retningsliner

Les gjeldande retningliner for transporttenesta for funksjonshemma Møre og Romsdal