Kvalitetstandard

Kvalitetstandard

Hovudmålet til den kommunale helse- og omsorgssektoren er å gje tenester med god kvalitet gjennom brukardeltaking og kompetente medarbeidarar, kombinert med at tenestene blir gitt innanfor vedtekne økonomiske rammer.

Saman med sentrale føringar er dette dokumentet meint å vere rettleiande for kommunen sine innbyggarar og tilsette. Målet er å skape ei felles forståing for nivået på tenestene som vert ytt med bakgrunn i myndigheitskrav, politisk prioritering og faglege og juridiske vurderingar.

Ein tenestestandard er å forstå som ei skildring av omfang og innhald i ei teneste. Standardane skal vidare seie noko om formålet med tenesta, samt målgruppe og vilkår for tildeling. Dei skal også seie noko om kva tenestemottakarane kan forvente seg av kommunen, og kva kommunen kan forvente av tenestemottakarane.

Her kan du lese dokumentet:

Kvalitetstandard for helse og omsorgstenester i Volda kommune (PDF, 2 MB)