Pårørande ved demens

Kva er demens?

Tidlig tegn på demens

  • Lett for å gløyme, særleg det som nylig har hendt
  • Problem med å planlegge, løyse og fullføre vanlige dagligdagse oppgåver
  • Språkvanskar, kan gløyme enkle ord, vanskar med å huske namn på ting eller personar
  • Vanskar med å huske tid og stad
  • Redusert dømmekraft
  • Utfordringar med å følge opp økonomiske forhold
  • Feilplassering av gjenstandar
  • Endringar i humør og personligdom  
  • Endra åtferd
  • Tap av initiativ og engasjement

 

Du kan lese meir om fakta om demens på nettsida til Aldring og helsehttps://www.aldringoghelse.no/demens/fakta-om-demens/

 

Er du pårørande til ein person med demens ?  

Hukommelsesteamet i kommunen er eit tverrfagleg team som er organisert under heimetenesta. Teamet består av sjukepleiar, ergoterapeut og den enkelte brukar sin fastlege. Ein kan ta direkte kontakt med hukommelsesteamet på telefon, eller be fastlege eller helsepersonell hjelpe til med å ta kontakt. Tenesta vert primært utført måndagar mellom kl. 8.00-16.00, med unntak av høgtidsdagar.

Hukommelsesteamet i Volda kommune:

  • Gjev råd og rettleiing til personar med demens og pårørande til personar med demens.
  • Utfører kartlegging og utgreiing i samarbeid med fastlege
  • Utfører heimebesøk
  • Har oppfølging av pasient og pårørande
  • Har kunnskap om kommunale tenester og aktuelle hjelpemiddel og kan hjelpe til med å søke på desse.

Nyttige lenkjer:

Aldring og helse: Nasjonal kompetanseteneste https://www.aldringoghelse.no/demens/

Nasjonalforeningen for folkehelsen  https://nasjonalforeningen.no/demens

Helsenorge.no  https://www.helsenorge.no/sok/?q=demens

Planlegge litt: https://www.planleggelitt.no/    Aldersvennleg Norge 

Framtidsfullmakt https://www.statsforvalteren.no/nn/portal/Verjemal/framtidsfullmakt/