Heimehjelp/Praktisk bistand i heimen

Denne tenesta inneheld praktisk hjelp i heimen til dagleglivet sine gjeremål.

Praktisk bistand/heimehjelp er ei av fleire tenester som kan tildelast etter søknad og fagleg vurdering av brukaren sitt behov. Tenesta inneheld praktisk hjelp i heimen til dagleglivet sine gjeremål.

Personar som har særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker kan søkje om praktisk bistand/heimehjelp.
I vurderinga av behovet for hjelp tek ein hensyn til:

  • Søkjaren sin eigen evne til å klare eller ta del i oppgåvene.
  • Om det er ein ektefelle, familie eller andre som kan ivareta, eller ta del i oppgåvene.
  • Fører det til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje blir gitt?

Kontakt

Elsebeth Melle
leiar
E-post
Telefon 70 05 40 31
Mobil 958 79 029