Heimetenestene

Heimetenestene omfattar praktisk bistand (heimehjelp), pleie- og omsorg utanfor institusjon (heimesjukepleie), utlån av enkle hjelpemiddel og tryggleiksalarm.

Heimetenesta i Volda er delt i geografiske soner og yter tenester i private bustadar og kommunale omsorgsbustadar. I sentrum er tenesta døgnbemanna.

Praktisk bistand/heimehjelp er ei av fleire tenester som kan tildelast etter søknad og fagleg vurdering av brukaren sitt behov. Tenesta inneheld praktisk hjelp i heimen til dagleglivet sine gjeremål.

Personar som har særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker kan søkje om praktisk bistand/heimehjelp.
I vurderinga av behovet for hjelp tek ein hensyn til:

  • Søkjaren sin eigen evne til å klare eller ta del i oppgåvene.
  • Om det er ein ektefelle, familie eller andre som kan ivareta, eller ta del i oppgåvene.
  • Fører det til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje blir gitt?

Heimesjukepleie er ei av fleire typer heimetenester som kan tildelast etter søknad og ei fagleg vurdering av brukaren sine behov. Heiemesjukepleie kan giast inntil 24 timar/døgn til alle aldersgrupper som treng behandling, pleie- og omsorg i heimen både av fysisk og psykisk art, til dømes stell og pleie, legemiddelhandtering, sårstell, tilsyn og oppfølging m.m.

Ved vurdering av søkjaren skal det leggast vekt på:

  • Om søkjaren ut frå ei sjukepleiefagleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta sine grunnleggande behov.
  • Om søkjaren er avhengig av hjelp til legemiddelhandtering, ulike typar prøvetaking, stell av sår m.m.

Klikk her for å komme til søknadsskjema.