Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging i brukaren sin eigen heim, der målsettinga er auka livskvalitet og eigenmeistring.

Kvardagsrehabilitering er intensiv og tidsavgrensa. Fokuset er trening i daglege gjeremål i eigen heim. Eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar føretek ei systematisk kartlegging, og det blir i samarbeid med deg utarbeida mål som du synest er viktig å meistre i din kvardag. 

Teamet samarbeidar med heimetrenarar i heimebasert omsorg, og vil i lag med deg samarbeide mot dine mål. Kvardagsrehabilitering startar difor med spørsmålet: "Kva er viktig i livet ditt no"?

 

For mange handlar det om å vere aktive og kunne meistre daglege aktivitetar i kvardagen.

Kvardagsrehabiliteringsteamet i Volda kommune består av Inger Anne Brevik, ergoterapeut, Monica Hovden, sjukepleiar, Alice R. Osvoll, omsorgsarbeidar, Randi Alfsvåg, fysioterapeut og Silje Folkestad, hjelpepleiar.

Målgruppe:

  • Du som ynskjer å vere aktiv og bu heime
  • Du som er motivert til å klare deg sjølv
  • Du som opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
  • Du som søker helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søker om meir teneste
  • Du som opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade

Kva kan du forvente av oss?

Vi kjem heim til deg og vil saman med deg trene på det som du synest er viktig å meistre i kvardagen. For å oppnå dette jobbar vi intensivt  saman med deg i ei avtalt periode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs. 

Kva kan vi forvente av deg?

Du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett, slik at du i størst mogleg grad kan vere aktiv i eige liv - i eigen heim. 

Korleis søke om tenesten?

Her finn du søknadsskjema.

Dersom du søker på papirskjema så skal søknad sendast til: Tildelingskontoret i Volda kommune,

Barstadmarka 2, 6102 VOLDA