Transporttenester - TT-kort

Funksjonshemma, eldre med funksjonstap og andre som har særleg bruk for tilrettelagt transport kan søkje kommunen for å få dette.

Kva er TT-kort?


 TT står for transportteneste. 

 

Kven kan få denne tenesta?

TT-kort, som også vert kalla "Drosjelappar", kan bli gitt til den som pga si funksjonshemning har vanskar med å nytte det ordinære kollektivtilbudet i kommunen

Det er ikkje nok at du er gamal eller at det er dårlig eller manglande kollektivtilbod.

TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rettigheit, men er eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr sine innbyggjarar. Sjå meir her.

Kva kostar tenesta?

TT- ordninga er meint å dekkje eit bestemt tal med drosje til fritidsreiser. Kortet skal ikkje nyttast til reiser som ein får dekt av det offentlege, som reise til lege/sjukehus.

Eigenandel må betalast for kvar tur.

 

Korleis søke om TT-kort?

Klikk her for å kome til søknadsskjema.

Søknadsskjema på papir kan ein få ved å vende seg til Volda kommune, servicekontoret på Rådhuset, Stormyra 2. Legeerklæring frå primærlege eller spesialist må leggast ved søknaden.

 

NB! Både erklæring og søknad skal sendast inn til Volda omsorgssenter, Barstadmarka 2, 6102 Volda.