Tildelingskontoret

 

Kven kan få tenesten?

Pasientar eller brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.

Dei som av ulike årsaker har behov for kommunal bustad kan søke om plass. Det er Tildelingskontoret som tildeler plass i kommunal bustad. Dette gjeld alle typar bustadar som omsorgsbustad, sjukeheimsplass eller kommunal leilighet.
 

Kva kan du forvente?

Under Tildelingskontoret ligg Koordinerande eining som skal bidra til å sikre eit heilhetleg tilbod til pasientar eller brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.

Om du treng hjelp frå ulike tenestetilbod, skal kommunen sørge for at hjelpa heng saman, uansett kven som har ansvaret.

Koordinerande eining i Volda kommune:

Tildelingskontoret i Helse og omsorg har funksjon som koordinerande eining. Dei har mellom anna ansvar for:

  • vurdering og sakshandsaming av saker i høve heilheitleg habilitering/rehabilitering 
  • søknad om koordinator og individuell plan.
  • ha oversikt over koordinatorar og eksisterande individuelle planar (IP) i kommunen
  • kvalitetssikre arbeid med individuelle planar (IP)
  • medverke til opplæring og rettleiing av koordinatorane
  • bidra til tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • sikre at dei som treng tenester kan påverke utforminga av tilboda

Kva kostar det?

Det er ulike prisar på dei ulike tenestene. Husleiga varierer ut frå storleik og standard.

Korleis får du tenesta/korleis søker du?

Klikk her for å komme til søknadsskjema.

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte ein gong i månaden. Du får skriftleg melding om vedtak.

Kontaktinformasjon:

Barstadmarka 2,                                                                 
Volda omsorgssenter
6100 Volda          

Leiar for Tildelingskontoret er Malene Rovde.

 

Kontakt

Malene Rovde
Einingsleiar for stab og tildeling
E-post
Telefon 70 05 40 04