Heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar

Om du treng hjelp frå ulike tenestetilbod, skal kommunen sørge for at hjelpa heng saman, uansett kven som har ansvaret.

Koordinerande eining skal bidra til å sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar eller brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.

Koordinerande eining har det overordna ansvaret for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator, jf helse- og omsorgstenestelova § 7-3

Koordinerande eining i Volda kommune:

Tildelingskontoret i Helse og omsorg har funksjon som koordinerande eining. Dei har mellom anna ansvar for:

  • vurdering og sakshandsaming av saker i høve heilskapleg habilitering/rehabilitering 
  • søknad om koordinator og individuell plan.
  • ha oversikt over koordinatorar og eksisterande individuelle planar (IP) i kommunen
  • kvalitetssikre arbeid med individuelle planar (IP)
  • medverke til opplæring og rettleiing av koordinatorane
  • bidra til tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • sikre at dei som treng tenester kan påverke utforminga av tilboda

Adresse til koordinerande eining: 

Tildelingskontoret v/koordinerande eining

Barstadmarka 2,                                                                 
Volda omsorgssenter
6100 Volda          

Kontakt

Malene Rovde
einingsleiar for stab og tildeling
E-post
Telefon 70 05 40 04