Individuell plan

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester frå hjelpeapparatet, har du rett til å få ein individuell plan. Retten til individuell plan er uavhengig av alder. 

Koordinator/Individuell plan (IP) kan vere aktuelt for personar med t.d. rørslehemming, psykisk utviklingshemming, syns- eller hørselshemming, psykiske vanskar eller langvarige/kroniske sjukdomar.

Formålet med ein slik plan er at hjelpa du får skal vere tilpassa dine behov, vere godt koordinert og at tenesteytarane skal samarbeide om å hjelpe deg.

Du kan ha rett på koordinator sjølv om du ikkje ønskjer individuell plan.

Planen skal innehalde ei oversikt over dei tiltak og tenester du treng for å kunne leve eit så aktivt og sjølvstendig liv som mogleg. Dette kan gjelde tiltak og tenester knytt til t.d. helsetenester, sosialtenester, trygdeytingar, utdanning, attføring og arbeid. Dine mål, dine ressursar og dine behov skal kome tydeleg fram i planen og du har rett til å medverke aktivt i planarbeidet.

Når eit barn har behov for omfattande tenester og tiltak, vil planen også kunne innehalde behov familiemedlemer har, til dømes avlastning for foreldra.

Individuell plan gir deg ikkje rett til tenester utover det som er regulert i lovverket elles.

Alt helsepersonell har plikt til å informere deg om og å hjelpe deg med kome i gang med å få utarbeidd ein IP eller melde om behov for koordinator.

SamPro, nettbasert individuell plan (IP) er eit elektronisk vertkøy for å lette samarbeidet rundt IP, og det dekke dei lovpålagde krava til IP. Verktøyet kan nyttast som eit generelt samarbeidsverktøy der mange personar og instansar er involvert. I tillegg til IP, har også SamPro ulike samarbeidsverktøy som kalender, dokumentarkiv og meldingsutveksling .

Det er planeigar som bestemmer kven som skal ha tilgang til SamPro, og kva informasjon den enkelte skal få tilgang til. Ein må ha PC med tilgang til internett for å kunne nytte SamPro. Tilkoplinga er like sikker som ved nettbank.