2022 er det offisielle Frivilligåret

I Volda kommune har vi eit stort mangfald av frivillige organisasjonar som verkeleg står på for å skape aktivitet i kommunen, og med Frivilligåret 2022 ynskjer Volda kommune å setje meir fokus på alle aktivitetane som vi har i kommunen.  

    https://frivillighetensar.no

Med både den pågåande krigen i Ukraina og nye studentar som snart kjem til kommunen, er det nok mange av dei nye innbyggjarane som gjerne ynskjer å starte opp med aktivitetar. Difor oppmodar Volda kommune at dei som driv med lag og organisasjonar tek flittig i bruk Friskus. Friskus har vore den digitale løysinga til Volda kommune for informasjon om aktivitetar for barn og unge i forbindelse med Fritidskortet, men Friskus er og ein digital aktivitetskalender for det som skjer i Volda kommune. Vi i Volda kommune håpar at denne vil takast meir i bruk med fleire aktivitetar for alle aldra.

 

I Friskus finn ein oversikt over lag, klubbar, foreiningar, organisasjonar som tilbyr aktivitetar for barn og unge, innbyggjarar og andre som oppheld seg i Volda. Og sidan 2022 er det offisielle Frivilligåret, ynskjer Volda kommune å bruke dette året til å løfte fram, synleggjere, og stimulere heile breidda av det frivillige engasjementet. Vi ynskjer at fleire skal vere aktive og at færre skal stå på utsida. Dette vil vere med på å skape mindre einsemd og at fleire aktivt nytta møteplassane som finst i kommunen. Ordføraren ynskjer og å medverke til at kommunepolitikarane skal verte kjende med lagslivet i Volda.

 

På den offisielle heimesida til Frivilligåret 2022  www.frivillighetensar.no finn du mykje tips og idear til korleis ein kan markere Frivilligåret.  Til dømes kan de velje ein dag de ynskjer å markere som «Vår dag» og legge inn på årshjulet, eller velje ei lokal markering av den dagen som dykkar sentralledd har valt. Her kan ein og søke midlar til slike markeringar.

 

Om du lurer på kva aktivitetar som finnes i Volda, sjekk ut Volda kommune sin Friskus 

 

For å registrere aktiviteten din gjer du det her