Frå Hovudnettsida frivillighetensar.no til «Frivillighetens år», i Volda omskrive til «Frivilligåret 2022» står:
Etter forslag fra Frivillighet Norge har regjeringen besluttet at 2022 skal markeres som Frivillighetens år. Frivillighetens år skal være et flomlys på frivillige organisasjoner og frivillighetspolitikken i Norge. Det skal bidra til økt deltakelse og mangfold, og synliggjøring av merverdien frivillig sektor bidrar med i samfunnet. Kulturdepartementet støtter Frivillighetens år. I tillegg inviterer vi flere statsetater, kommuner, fylkeskommuner, stiftelser og næringslivet til spleisefest!
I Volda har vi eit stort mangfald av frivillige organisasjonar, vi har eldsjeler som ikkje sparer seg for å skape aktivitet, særleg for barn og unge, og vi har eit raust næringsliv som ser verdien av dette og støttar gode tiltak. Volda kommune ynskjer å bruke dette året til å løfte fram, synleggjere, og stimulere heile breidda av det frivillige engasjementet. Vi ynskjer fleire aktive og færre på utsida, mindre einsemd og fleire aktivt nytta møteplassar. Mellom anna ynskjer ordføraren å medverke til at kommunepolitikarane skal verte kjende med lagslivet i Volda. Eit mål er at kvart kommunestyremøte gjennom frivilligåret 2022 skal opne med ein presentasjon av ein lokal frivillig aktivitet eller ein organisasjon. Så ta kontakt!
Inne på www.frivillighetensar.no finn du tips og idear til korleis ein kan markere frivilligåret. Til dømes kan de velje ein dag de ynskjer å markere som Vår dag og legge inn på årshjulet, eller velje ei lokal markering av den dagen som dykkar sentralledd har valt. Ver også merksam på at det kan søkast midlar til slike markeringar https://frivillighetensar.no/vardag/soknad
Har laget ditt planar for frivilligåret? Har du tankar og idear og ynskjer nokon å «kna» dei i lag med? Frivilligsentralane og Folkehelsekoordinator ynskjer innspel, så ta gjerne kontakt med ein av oss:
Astrid Gjersdal, Frivilligsentralen i Volda, tlf.: 917 25 639
Kristine Sofie Orheim Hansen, Hornindal frivilligsentral, tlf.: 415 12 813
Mona Helen Kile, folkehelsekoordinator, tlf.: 907 42 989
Lurer du på kva aktivitetar som finnes i Volda?
Sjekk på: https://volda.friskus.com
Vil du registrere din aktivitet på https://volda.friskus.com?
Slik kan du registrere ditt lag, organisasjon eller aktivitet