Ung i Volda (Ungdomsklubb)

Ung i Volda (Ungdomsklubb)

Ung i Volda er ein kommunal fritidsklubb for ungdom frå åttande klasse og oppover. Ung i Volda held til på Volda Samfunnshus saman med Volda Filmteater.

Sommaren 2021 vedtok Volda kommune å undersøke moglegheitene for å fornye Volda sitt tradisjonsrike samfunnshus. Kommunestyre løyva midlar til eit forprosjekt og Elfrida Bull Bene Arkitektstudio gjennomførte eit muligheitsstudie for samfunnshuset. Bull Bene fokuserte på å vidareføre den mangfaldige fleirbruken av huset samt å få ungdomsklubben, Ung i Volda, inn i deler av samfunnshuset.

Arkitektane samarbeidde med ungdomsrådet i kommunen og hadde ein workshop med tre klasser frå kunst, design og arkitektur-linja ved Volda vidaregåande skule. Mugligheitsstudien tok utgangspunkt i eit såkalla "nullalternativ" for ny bruk av huset, der ein undersøkte muligheitene for å nytte bygget utan å måtte rive eller bygge til, men heller omrokkere innvendig i samfunnshuset. Illustrasjonen viser Bull Bene sitt arbeid for modernisering og tilrettelegging for ny bruk, samt potensiale for aktivitetar på utsida av samfunnshuset. Arbeidet med moderniseringa av bygget vil ha oppstart i 2023.

 

Illustrasjonen viser Bull Bene sitt arbeid for modernisering og tilrettelegging for ny bruk, samt potensiale for aktivitetar på utsida av samfunnshuset.  - Klikk for stort bilete Elfrida Bull Bene Arkitektstudio

Illustrasjonen viser Bull Bene sitt arbeid for modernisering og tilrettelegging for ny bruk, samt potensiale for aktivitetar på utsida av samfunnshuset. Arbeidet med moderniseringa av bygget vil ha oppstart i 2023.