Koronatiltak for serverings- og skjenkenæringa

Serveringsstadar som restaurant, bar og pub, og utestadar som diskotek og liknande, kan halde ope dersom drifta er i tråd med dei nasjonale smittevernfaglege råda.

Smittevernfagleg forsvarleg

Det vi sei at verksemda skal sjå til at besøkande og tilsette kan halde minst 1 meter avstand til personar i anna hushald, og at det er utarbeidd rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at desse rutinane vert følgt. 

Avstand

Serveringsstaden skal sjå til at det er minst ein meter avstand mellom sitteplassane, og det skal vere sitteplassar til alle gjestane.

Bordservering

Ved serveringsstadar som har skjenkeløyve skal servering av alkohol skje bed bordservering, og det skal vere sitteplassar til alle gjestane. 

Buffet

Ved servering av mat og alkoholfri drikke som buffet, skal råd om trygg servering frå buffet og salatbar bli følgt.

Kontaktopplysningar

Serveringsstadar som har skjenkeløyve skal registrere kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det. Det er tilstrekkeleg å registrere ein person i kvar gruppe. Serveringsstaden skal likevle oppmode om at flest mogleg oppgir kontaktopplysningar.

Arrangement på serveringsstad

Dei nasjonale reglane gjeld: Krav til gjennomføring av arrangement (Helsedirektoratet)

Her finn du rettleiaren på helsedirektoratet sine heimesider.

Her finn du mal for smittevernrettleiar, bransjestandard.