Innfordring av kommunale krav

Skatteoppkrevjar har ansvaret for innfordring av alle typar kommunale krav og avgifter.

Dette gjeld:

  • Kommunale avgifter og eigedomsskatt
  • Tekniske tenester
  • Husleige
  • Kulturskule
  • Diverse fakturering
  • Biblioteket – erstatningskrav
  • Barnehage
  • Skulefrtid
  • Pleie- og omsorgstenester
  • Interkommunal nattlegevakt
  • Sosiale utlån

 

Har du spørsmål om kravet på den enkelte faktura, kan du kontakte avsendar.  Det er oppført på kravet kva kommunal teneste som er avsendar og telefonnummer. 

Betaling/innfordring av kommunale krav

Vi vil oppfordre dei som har betalingsproblem om å ta kontakt med vårt kontor så tidleg som muleg slik at vi i fellesskap kan finne alternative løysingar som f.eks betalingsutsetjing eller betalingsavtaler.

Kva skjer med dei ubetalte krava

Viss fakturaen ikkje blir betalt til forfall, vil det påløpe forseinkingsrenter. Rentene blir rekna etter gjeldande satsar. I tillegg vil det påløpe lovbestemte gebyr ved utsending purringar og tvangstiltak.

Dersom krava ikkje vert betalt ved forfall, vil det bli sendt inkassovarsel med betalingsfrist på 14 dagar.

Er ikkje kravet betalt når betalingsfristen i inkassovarselet er ute, blir betalingsoppfordring sendt med ny frist på 14 dagar.

Er kravet fortsatt ikkje betalt, vil det bli sendt til inkasso og tvangsinnfordra.
Dette kan medføre at det blir sendt krav om trekk i løn/trygd (utleggstrekk) eller at vi krev utlegg i fast eigedom eller andre formuesgoder via namsmannen i ditt distrikt.

Det vil påløpe store kostnader dersom desse tvangstiltaka vert sett i verk. Satsane for salær og gebyr er heimla i inkassolova og lov om rettsgebyr.

Vert det gjennomført tvangsinnfordring, så vil du få betalingsanmerkning. Dette kan føre til at du ikkje får lån, mobilabonnement, straumavtale, osv.

Andre tiltak som kan bli sett i verk parallelt med tvangsinnfordringa :

  • Oppseiing av plass i barnehage, SFO og kulturskule
  • Fråviking (utkasting) frå kommunal bustad

 

Kommunale avgifter og eigedomsskatt

Desse krava er sikra med lovbestemt pant (legalpant) i eigedomen. Dette betyr at kommunen har automatisk panterett for ubetalte krav. Slik panterett har rettsvern utan tinglysning og har prioritet foran andre hefte i eigedomen. Panteretten gir også særskilt tvangssgrunnlag og kan danne grunnlag for krav om tvangssal av eigedomen. Det er difor spesielt viktig å sjekke om eigedomen er ajour med betaling  dersom eigedomen skal selgast.

Eigedomsmeklarar, privatpersonar og andre som formidler kjøp/salg av eigedomar  må også huske på å kontakte kommunen. Eventuelle restanser vil alltid følgje eigedomen dersom det ikkje blir betalt ved overdragelsen av eigedomen.
 

Dersom krava ikkje vert betalt ved forfall, vil det bli sendt inkassovarsel med betalingsfrist på 14 dagar.

Er ikkje kravet betalt når betalingsfristen i inkassovarselet er ute, blir betalingsoppfordring sendt med ny frist på 14 dagar.

Er kravet fortsatt ikkje betalt, vil det bli sendt varsel om tvangssal med ny betalingsfrist på 14 dager.
(Det vil påløpe store kostnader dersom krav om tvangssal vert sendt)

Når fristen for varsel om tvangsal er ute, vil det bli sendt krav om tvangssal til tingretten. Ved krav om tvangssal vil det påløpe eit gebyr på 2,1 R (rettsgebyr), og dersom tingretten vedtek tvangssal vil det i tillegg bli lagt til eit gebyr på 9R – totalt 11,1R (rettsgebyr)
I tillegg vil det påløpe forseinkingsrenter, purregebyr og kostnader for innhenting av panteattest.

Kontakt

Ove Bjerkvik
skatteoppkrevjar
E-post
Telefon 70 05 87 32