Skatt for arbeidsgjevarar og verksemder

Skatteoppkrevjaren har ansvar for innfordring av skatt for arbeidsgjevarar og verksemder.

Dette gjeld forskottstrekk og utrekna arbeidsgjevaravgift, samt utskrive forskottsskatt og fastsett restskatt.

Vidare har Skatteoppkrevjaren ansvar for å gi informasjon og veiledning til arbeidsgjevarar og næringsliv. Skatteoppkrevjaren kan mellom anna hjelpe deg med informasjon om:

  • regelverket for skattetrekk
  • arbeidsgjevaravgift og forskottstrekk
  • lønsmelding – herunder arbeidsgjevars plikt vedkomande innsending av oppgåver, samt utrekning og betaling av skattetrekk og arbeidsgjevaravgift

Skatteoppkrevjar har også ansvaret for arbeidsgjevarkontrollen. Vi kontrollerer rekneskap og bilag hos dei næringsdrivande.

Kontrollen består i å sjå etter at rekneskap og lønsutbetalingar er i tråd med kravet i lover og forskrifter. Dette gjer vi for å sikre at forskottstrekket og arbeidsgjevaravgifta blir utrekna, lønsmeldt og innbetalt på ein korrekt måte.

Rettleiing og informasjon har ein sentral plass i Skatteoppkrevjaren sitt arbeid.

Kontakt

Ove Bjerkvik
skatteoppkrevjar
E-post
Telefon 70 05 87 32