Skatteoppgjer

Skatteoppgjeret for personlege skattytarar blir sendt ut i puljer mellom 25. juni og 25. oktober.

Dei fleste vil motta skatteoppgjeret i juni, medan resten vil få oppgjeret i puljer som vert kjørt pr veke i perioden august tom. oktober.

Til gode skatt vil bli betalt ut seinast 3 veker etter dato på skatteoppgjeret.

Restskatten forfell til betaling 3 veker etter at skatteoppgjeret er sendt ut, likevel tidlegast 20. august.
Er restskatten over kr 1.000 forfell den til betaling i to like store terminer med forfall hhv 3 og 8 veker etter dato på skatteoppgjeret. 1. termin forfell likevel tidlegast 20. august.
 

Kontakt Skatteoppkrevjaren dersom:

  • beløp for innbetalt forskottstrekk og forskottsskatt ikkje stemmer med dine oppgåver (ta med kopi av lønnskvitteringer, eller anna dokumentasjon på betalt forskottsskatt/tilleggsforskott)
  • spørsmål om tilbakebetaling av skatt
  • spørsmål om betaling av restskatt

Kontakt Skatteetaten dersom

  • inntekt eller formue ikkje stemmer med dine notat/kopi av skattemeldinga
  • du meinar du har krav på, og ikkje har fått særfrådrag og/eller andre frådrag
  • du har spørsmål om fastsett skatt

 

Skatteoppgjeret for personlege skattytarar (selskap) blir sendt ut i slutten av oktober.

Til gode skatt vil bli betalt ut seinast 3 veker etter dato på skatteoppgjeret.

Restskatten forfell til betaling 3 veker etter at skatteoppgjeret er sendt ut.

Kontakt Skatteoppkrevjaren dersom:

  • beløp for innbetalt forskottsskatt ikkje stemmer med dine oppgåver
    (ta med kopi av dokumentasjon på betalt forskottsskatt/tilleggsforskott)
  • spørsmål om tilbakebetaling av skatt
  • spørsmål om betaling av restskatt

Kontakt Skatteetaten dersom

  • inntekt eller formue ikkje stemmer med dine notat/kopi av skattemeldinga
  • du meinar du har krav på frådrag du ikkje har fått
  • du har spørsmål om fastsett skatt

Kontakt

Ove Bjerkvik
skatteoppkrevjar
E-post
Telefon 70 05 87 32