Tilleggsforskott av skatt

Viser den førebelse utrekninga av skatt som ligg ved skattemeldinga at du har betalt for lite skatt?

Då kan du betale tilleggsforskott for å unngå restskatt med rentetillegg.

Frist for å betale tilleggsforskott er 31. mai.

Same frist gjeld både for lønnstakarar og pensjonistar, samt for personleg næringsdrivande og verksemder.

Fristen for betaling av tilleggsforskott blir ikkje påverka av utsett frist for å levere skattemelding. Innbetaling etter fristen blir rekna som forskott på restskatt.

Betal til Skatteoppkrevjaren sin konto 6345.06.15198.

Husk at du må benytte KID-nummer ved elektronisk betaling. Har du ikkje KID-nummer kan du bruke ein Kidgenerator.