Drive og etablere barnehage

Drive og etablere barnehage

Før ein ny barnehage kan starte opp, skal kommunen som barnehagemynde godkjenne barnehagen etter Lov om barnehage § 14. 

Kommunen har ei rettleiingsplikt overfor dei som ønske og etablere ny barnehage eller endre eksisterande drift. 

Kommunen avgjer etter søknad om godkjenning av barnehagar etter ei konkret vurdering av om barnehagen er eigna i forhold til formål og innhald. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for drifta med omsyn til tal på barn, barna sin alder og opphaldstid. Barnehageeigar forpliktar seg til å drive verksemda i tråd med gjeldande regelverk, både med omsyn til pedagogisk innhald, helse, miljø og sikkerheit. 

Krava er mellom anna:

  • barnehagen sine vedtekter skal mellom anna gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstid
  • barnehagen skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval, for å sikre samarbeidet med barna sin heim 
  • barnehagen skal føre internkontroll

Ved store aktivitetsendringar i eksisterande barnehagar må det søkast ny godkjenning.

Når barnehagen er godkjent og i drift, gjennomfører kommunen jamleg tilsyn med at gjeldande lov og regelverk vert fylgd.

Rettleiing

Lov om barnehage § 10 regulerer barnehagemynde sitt ansvar.

Barnehagemynde er gitt eit særleg ansvar for å rettleie søkar i godkjenningsprosessen slik at søknaden inneheld tilstrekkeleg informasjon. Rettleiingsansvaret gjeld likt uavhengig av om det er kommunal eller privat søkar. 

Barnehagemynde skal rettleie om dei ulike krava til etablering av barnehage, mellom anna kommunale føringar og vilkår for kommunalt tilskot.

Private aktørar som har planar om å bygge barnehage, må ha konkrete og eigna forslag til tomt eller bygning som kan nyttast til barnehage, som plan om eigarform, driftsform og talet på barn og tilsette. Den som skal arbeide i barnehagen, samt eigar av barnehagen, må legge fram tilfredsstillande politiattest. Før igangsetting av prosjektet må det avklarast om barnehagen vil kvalifisere for offentleg finansiering frå kommunen. Søkar bør difor kontakte kommunen tidleg for å få informasjon om kva krav kommunen sett.

Når eigar har fått tilsegn om kommunalt tilskot, skal det søkast om godkjenning av barnehagen etter Lov om barnehager § 10.

Ny godkjenning av eksisterande barnehage

Når ein allereie godkjent barnehage gjer endringar av eit visst omfang, skal barnehageeigar melde dette til kommunen. Kommunen ved barnehagemynde avgjer om endringa krev ny godkjenning. 

Om ein barnehage endrar organisasjonsform og organisasjonsnummer, krev ikkje kommunen at barnehagen må godkjennast på nytt. Kommunen må vurdere kor store dei faktiske endringane er.

Dersom ein barnehage flyttar til eit anna lokale, vil endringa vere så stor at den opphavlege godkjenninga ikkje er gyldig lengre. Barnehageeigar må da søke om ny godkjenning.

Godkjenning av ordinær barnehage

Lov om barnehage § 6: Virksomhetens plikt til å søke godkjenning

"Virksomheter som har ansvar for barn under opplæringspliktig alder, plikter å søke godkjenning som barnehage når:

a) virksomheten er regelmessig og ett eller flere barn har en ukentlig oppholdstid på mer enn 20 timer, og

b) antall barn som er til stede samtidig er ti eller flere når barna er tre år eller eldre, eventuelt fem eller flere når barna er under tre år, og

c) virksomheten utføres mot godtgjøring.

Virksomheter etter første ledd må være godkjent før driften settes i gang."

 

Lov om barnehager § 14: Godkjenning

Kommunen avgjør søknader om godkjenning etter en vurdering av barnehagens egnethet ut fra formål og innhold, jf. §§ 1, 1a og 2.

Kommunen kan ved godkjenningen sette vilkår for driften med hensyn til antall barn, barnas alder og oppholdstid.

Kommunens vedtak kan påklages til statsforvalteren.

Kommunen si vurdering

Rett til godkjenning etter Lov om barnehage inneber ikkje ein automatisk rett til finansiering etter Lov om barnehage § 19 om kommunalt tilskot til godkjente private barnehagar. 

Barnehageeigar skal drive verksemda i samsvar med gjeldande lover og regler. Ein barnehage kan ikkje kompensere for manglande finansiering gjennom foreldrebetaling.

Barnehageeigar må dokumentere at inne- og uteareala tilfredsstiller krav i lova og at drifta vil kunne skje i samsvar med gjeldande regelverk. Rettleiande norm for barn sitt lekeareal inne er 4 kvadratmeter netto per barn over tre år og omtrent ein tredjedel meir (cirka 5,3 kvadratmeter) per barn under tre år. Utearealet i barnehagen bør være omlag seks gangar så stort som leike- og opphaldsarealet inne. Søker barnehageeigar om dispensasjon fra rettleiande norm, krev kommunen ei grunngjeving og vil foreta ei konkret vurdering.

Godkjenning av open barnehage

Barnehagemynde skal vurdere om verksemda er eigna ut i frå krava som vert stilt til formål og innhald. Kommunen må vurdere:

  • lokale
  • uteområde
  • bemanningsplan  

Leiar og andre tilsette ved ein godkjent barnehage må legge fram gyldig politiattest.

Dersom den opne barnehagen fylle vilkåra i § 2 i Forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler m.v. må barnehagen søke kommunen om godkjenning etter denne forskrifta.

Godkjenning av familiebarnehagar

Familiebarnehagar skal godkjennast etter Lov om barnehage § 15 og Forskrift om familiebarnehager.

Familiebarnehagar skal følge regelverket for foreldrebetaling og er omfatta av Forskrift om miljøretta helsevern for barnehager og skoler m.v.

Familiebarnehagar skal helst vere i buset lokale. Det kan verte gitt godkjenning til lokale som ikkje er buset, dersom anna lokale ikkje kan skaffast. Med omgrepet busette kan ein ikkje krevje at familiebarnehagen vert drive i dei romma familien elles bur. Kommunen skal gjennomføre ei synfaring i både heim og eventuelle baselokale.

Dersom familiebarnehagen ønske å gi tilbod til fleire enn fem barn, må den søke om godkjenning for dobbel gruppe. Ei dobbel gruppe har maks ti barn over tre år som er til stades på same tid. Familiebarnehagar kan ikkje ha doble grupper i lokale som ikkje er buset.

Søknad

Barnehageeigar skal søke kommunen om godkjenning. Søknad om godkjenning av barnehage må innehalde nok informasjon til at barnehagemynde kan handsame søknaden. Det set krav til planteikning inne og ute. Planteikningane må gi barnehagemynde informasjon om kva delar av arealet som er planlagt som leike- og opphaldsareal. Søknaden skal og innehalde bemanningsplan, vedtekter og politiattest, dersom eigar oppheld seg i barnehagen eller på anna måte har moglegheit til å vere direkte kontakt med barnehagebarna. Det at søkar allereie har starta eller driv fleire barnehagar, er ikkje grunnlag for å ikkje levere attest dersom søkar skal arbeide i den nye barnehagen. Legg og ved relevant uttale frå andre mynde. 

Barnehageeigar skal drive verksemda i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Søknad om godkjenning må innehalde:

  • Planteikning av barnehagen
  • Teikningar av uteareal
  • Parkeringsplassar
  • Vedtektene for barnehagen
  • Bemanningsplan
  • Politiattest

Søkar må vere merksam på at det og må søkast om godkjenning etter Forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler m.v.

Vedtak

Kommunen ved barnehagemynde gjer eit skriftleg enkeltvedtak etter forvaltningslova med grunngjeving for kvifor søknad om godkjenning er innvilga, innvilga med vilkår eller avslått etter Lov om barnehage § 14.  Grunngjevinga inneheld ei vurdering av om barnehagen er eigna etter Lov om barnehage §§ 1, 1a og 2.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottek vedtaket. Klagen sender du til sektor oppvekst. I klagen skal du angi kva du ønske endra i vedtaket og grunngi dette.

Klageinstans er Statsforvalteren i Møre og Romsdal. Instansen i kommunen som fatta vedtaket, skal vurdere om det er grunn til å endre vedtaket, før det vert sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.  

Nedlegging av barnehage

Dersom det er planar om å legge ned privat barnehage, må de ta kontakt med Kommunen ved Barnehagemynde. Da kan de få rettleiing om prosessen med å legge ned barnehagen. Barn som misser barnehageplassen grunna nedlegging, har fortrinn til ny plass.

Kontakt

Artikkelliste