SFO - pris og moderasjon

Redusert foreldrebetaling

Frå 01.08.2020 er det endring i forskrift til opplæringslova.

Endringa gjeld redusert foreldrebetaling for elevar på 1. og 2.årstrinn og gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7 årstrinn.

https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-07-02-1492

Det er ingen frist for å søke. Vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis SFO gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert, og ut skuleåret.

Føresette må difor sende ny søknad kvart skuleår, med ny dokumentasjon for inntekt.

Dokumentasjon er sjølvmelding frå 2019 (siste år). Dersom ein ikkje kan leggje ved sjølvmelding td. på grunn av kort opphald i Noreg, kan søkjar leggje fram anna dokumentasjon for inntekt for 2020.

NB! Det er viktig at all skattbar inntekt er med.

Søknaden skal sendast inn via søknadsskjema som du finn her.

Det er kommunen barnet er folkeregistrert i, som skal handsame søknaden.

Moderasjonsordningar for barn med plass i SFO

 

  • Syskenmoderasjon
  • Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt
  • Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7.trinn

Syskenmoderasjon

 

Syskenmoderasjon gjeld for plass i SFO innanfor Volda kommune.

Syskenmoderasjon vert gitt etter følgjande fordeling:

  • For barn nummer to: 30 %
  • For barn nummer tre: 50 %

Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon mellom barnehage og SFO.

Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt

 

Frå 01.08.2020 skal ingen hushald betale meir enn 6 % av inntekta til hushaldet, for ein plass på SFO for barn på 1. og 2. årstrinn.

I Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova § 1B-1 står det:

Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. og 2. årstrinn

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. og 2. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

a) foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert, og ut skuleåret.

Føresette må difor sende ny søknad kvart skuleår, med ny dokumentasjon for inntekt.

Betaling for kost kjem i tillegg.

Om handsaming av søknadar:

§ 1B-2. Søknadsbehandlinga til kommunen i saker om reduksjon av foreldrebetaling

Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.

Søknaden skal sendast inn via søknadsskjema (lenke til søknadsskjema kjem snart her)

Søknad om reduksjon i foreldrebetaling skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i.

 

Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7.trinn

 

I Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova § 1B-3 står det:

  • Gratis skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 5.–7. årstrinn
  • Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.–7. årstrinn, jf. opplæringslova § 13-7 første ledd. Tilbodet på 5.–7. årstrinn skal vere gratis.
  • Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Volda kommune sine vedtekter for SFO § 9 seier:

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for born med særskilde behov på 1.-7. trinn.

Omgrepet born med særskilde behov vert definert som born med store og omfattande hjelpebehov, dvs. varige funksjonsnedsettingar som medfører omfattande og vedvarande behov for bistand.