Vedtekter i Volda kulturskule

Her er vedtekter for kulturskulen i Volda kommune. Kommunestyret handsama desse vedtektene 12.12.2019.

§ 1 Formål

Plikta til å ha eit kulturskuletilbod er heimla i opplæringslova § 13-6:

Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

Alle elevar har rett til å få opplæring i samsvar med dei evner og føresetnader den enkelte har, og undervisninga må ta utgangspunkt i at alle menneske har behov for å gje uttrykk for kjensler, tankar og fantasiar gjennom musikk, dans, drama eller bilde.

Volda kulturskule skal bidra til:

  • Å utvikle musikalske og skapande evner hos elevane, og fremje deira oppleving av og forståing for musikk og andre kunstfag som allmennmenneskeleg og kunstnarleg uttrykksform.
  • Å utvikle elevane sin dugleik innanfor kunstfaga utifrå den enkelte sine føresetnader, slik at dei først og fremst får ein meiningsfull og stimulerande fritidsaktivitet, dernest eit godt grunnlag for yrkesval innafor kunstfaga.
  • Å skape aktive lyttarar / tilskodarar som er i stand til å velje innafor det mangfald av kulturtilbod som finst i samfunnet.
  • Å vere ein ressurs for skuleverket og kulturlivet elles i kommunen i arbeidet med å oppnå best muleg opplæring, og fremje interesse for kulturfaga i nærmiljøet.

§ 2 Organisering av drifta

  • Administrasjon: Skulen ligg administrativt under avdeling skule i sektor for oppvekst, på same måte som grunnskulane. Skulen vert leia av ein rektor, som har avdelingsleir skule som næraste overordna. Rektor har ansvar for å ivareta den daglege drifta, gjere elevopptak, og vere med på å førebu saker for politiske organ.
  • Elevbetaling: Kommunestyret vedtek satsane for elevbetaling. Rekning vert sendt ut to gongar i året.
  • Lokalisering: Volda kulturskule er samlokalisert med Øyra skule i Volda sentrum. I tillegg kan grunnskulane sine lokale nyttast til undervisning. Så langt det er praktisk mogleg blir det gitt eit desentralisert undervisningstilbod i Indre Volda, Folkestad og Ulvestad/Dalsfjord skulekrinsar.

§ 3 Elevopptak

  • Elevar som har teke til i eit fag er prioriterte framfor nye elevar. Dette for å ivareta kontinuiteten i undervisninga.
  • Ved opptak blir dei eldste søkjarane prioritert framfor dei yngre. Øvre aldersgrense er 20 år. Søkjarar over 20 år kan likevel få plass dersom ein har ledig kapasitet.
  • Ved elevopptaket må det takast omsyn til trongen for grunnopplæring i korps og orkester, slik at desse vert sikra naudsynt rekruttering.
  • Om det desentraliserte tilbodet i indre Volda, Folkestad og Ulvestad / Dalsfjord skulekrinsar ikkje kan ha same breidde som i Volda sentrum, står elevane frå desse krinsane fritt til å søke i Volda sentrum. Opptak og prioritering skal då være uavhengig av bustad.

§ 4 Retningsliner for elevane

  • Elevane pliktar å møte presis og førebudde til undervisningstimane. Forfall må så langt råd er meldast til eleven sin lærar eller til skulen sitt kontor. Fråvær kan ikkje erstattast med nye timar.
  • Dersom eleven er vekke frå undervisninga to gonger utan å gi beskjed, tek læraren kontakt med heimen. Dersom det er snakk om manglande interesse eller disiplinære problem, kan eleven utelatast frå undervisninga.
  • Foreldresamtalar gjennomførast etter behov. Ein kan når som helst gjennom skuleåret kontakte faglærar for å avtale tid.

§ 5 Elevbetaling

  • Ein elevplass i kulturskulen er bindande og må seiast opp skriftleg. Frist for å seie opp plass for vårsemesteret er 1. desember. For haustsemesteret må oppseiing gjerast i samband med søknadsfrist for nytt skuleår.
  • Kulturskulen har eit avgrensa tal instrument til utleige. Det kan søkast om instrumentleige i samband med påmelding. Elev/føresette må sjølve dekke utgifter til strengar og fliser.
  • Dersom instrument vert skada, skal det straks meldast til rektor.
  • I kulturskulen er det krevjande å finne vikar ved korttidssjukdom. Av den grunn kan kulturskulen avlyse inntil tre timar i den enkelte disiplin utan at skulepengar vert refundert.
  • Ved prosjektframføringar må ein pårekne endringar i timeplanen

Du finn også vedtekene for kulturskulen (PDF, 771 kB) under styringsdokument i Volda kommune.