Foreldre App: Tieto Education

Tieto Education er kommunen si administrasjonsløysing for grunnskulen. Som føresett nyttar du løysinga til å sende beskjedar og meldingar. Du kan registrere fråvær og tider barnet skal vere i SFO. I tillegg kan du motta informasjon frå skulen og SFO.

Foreldre App: Tieto Education - dialog mellom heim og barnehage/skule/SFO

Tieto Education er kommunen si administrasjonsløysing for barnehage, skule og SFO. Som føresett nyttar du løysinga til å sende beskjedar og meldingar. I tillegg kan du motta informasjon frå barnehagen, skulen og SFO.

Informasjonsbrev til føresette i barnehage om Tieto Education (PDF, 31 kB)

Informasjonsbrev til føresette i skulen om Tieto Education (PDF, 127 kB)

Informasjonsbrev til føresette i SFO om Tieto Education (PDF, 31 kB)

 

Dette brukar du Foreldre Appen til:

Melde fråvær

  • I kommentarfeltet skriv du berre «sjuk», «tannlege/legetime» e. l. Ein skal ikkje legge inn detaljar om sjukdom eller anna personsensitiv informasjon i dette feltet.

Kontaktinformasjon

  • Her skal du oppdatere e-postadresse og telefonnummer om dette vert endra. Det er svært viktig at barnehagen, skulen og SFO til ei kvar tid har korrekt kontaktinformasjon til føresette eller andre omsorgspersonar.

Meldingsteneste

  • Du kan sende melding til avdeling i barnehagen, lærar i skulen, SFO eller administrasjon. Det skal ikkje stå sensitiv informasjon i meldingane. I slike høve tek du kontakt med barnehagen/skulen/SFO personleg eller på telefon. Sjekk også om din barnehage/skule/SFO har eigne rutinar for korleis du gjer dette.

Tidsskjema – dette kjem på eit seinare tidspunkt.

Føresette kan nytte Tieto Education til å melde om fråvær, ha dialog med barnehage/skule/SFO via beskjedar og meldingar. Her kan du også få tilsendt generell informasjon frå barnehage/skule/SFO.

Barnehagen nyttar Tieto Education til mellom anna å registrere nærvær/fråvær, ferieplanlegging, barnehageopptak. Styrar og pedagogisk leiar ved barnehagen kan og sende meldingar til ein eller fleire føresette.

Lærarane i skulen nyttar Tieto Education til å registrere og følge opp eleven sitt fråvær, karakterar, merknadar og vurderingar. Lærarane kan også sende meldingar til ein eller fleire føresette.

SFO nyttar Tieto Education til mellom anna å registrere nærvær/fråvær, ferieplanlegging, opptak til plass i SFO. Leiar og tilsette ved SFO kan og sende meldingar til ein eller fleire føresette.

Tieto Education inneheld basisinformasjon om alle barna i barnehage og SFO, som mellom anna plasstype, avdeling og kontaktinformasjon til føresette.

I tillegg inneheld administrasjonssystemet basisinformasjon om alle elevane på skulen, med fag- og klassetilknyning og kontaktinformasjon til føresette. Systemet dekker og timeplanlegging, oppmelding av elevar til nasjonale prøver og eksamen.

Tieto Education dekker også informasjon i høve rapportering til sentrale myndigheter.

 

Korleis kjem føresette i gang?

Føresette må laste ned ein app til Tieto Edu. Appen kan lastast ned til IOS eller Android via appstores. 

Lenke du kan bruke utan app:

Dette er lenka som kan nyttast som erstatning for appen. Alle funksjonalitetar som ligg i appen, ligg også her og denne kan dermed også nyttast til samtykke. 

Pålogging skjer via ID Porten.

Personvern i Volda kommune.

Treng du litt hjelp til å komme i gang?

Under finn du fleire instruksjonsvideoar og rettleiing til bruk av Tieto Edu APP eller nettside. 

Videoar på norsk - Tieto Education

Slik sender og tek du imot meldingar

Video: Bærum kommune

Korleis registrere fråvær i Tieto Education?

Video: Bærum kommune

Slik oppdaterar du kontaktinformason i Tieto Education

Video: Bærum kommune

 

Slik registrerar du tidsskjema for SFO i Tieto Education

Video: Bærum kommune

 

 

Tutorial videos - Tieto Education

How to register absence in Tieto Education
Edit contact information in Tieto Education
How to register time schedule for SFO

 

Ting å prøve hvis en ikkje får pushvarsler på Tieto Education appen 

1) Start telefonen på nytt
2) Sjekk instillinger for varsler på appen og på selve telefonen:
Android: 
Gå til innstillinger -> Apper -> Trykk på appens navn -> Sjekk at varsler er satt som tillatt
IOS/Apple: 
Sjekk https://support.apple.com/no-no/HT201925
3) Sjekk at Batterisparing ikke er skrudd på for telefonen og for appen. Hvis det er skrudd på får man ikke varsler.
4) Sjekk at IKKE FORSTYRR/DO NOT DISTURB er skrudd på for telefonen. Hvis det er skrudd på får man ikke varsler.
5) Sjekk om Datasparing er skrudd på eller av. Er Datasparing skrudd på får man ikke varsler om man ikke er på wifi. 
Hvor du finner den varierer fra telefon til telefon. Men blant annet under Tilkoblinger -> Databruk -> Datasparing 
6) Siden Android 8.1 kan man sette individuell styring på om appen har lov til kjøre i bakgrunnen hvis man ikke bruker den. Hvis dette er på får man ikke varsler. 
Gå til innstilinnger -> Apper -> Trykk på appens navn -> Batteri -> Tillat Bakgrunnsaktivitet
7) Sjekk denne artikkelen hos Apple for varselproblematikk for Iphones https://support.apple.com/no-no/HT201925 

8) Feilsituasjonar og løysingsforslag (PDF, 186 kB) - brukarmanual frå Tieo Edu APP

 

Personalportalen

Tilsette i Volda kommune kan bruke denne lenka.