Grunnskule for vaksne

Grunnskule for vaksne

Har du - eller nokon du kjenner - behov for grunnskuleopplæring for vaksne eller spesialundervisning for vaksne?

Volda læringssenter tilbyr tilpassa grunnskuleopplæring for vaksne.

Kven er tilbodet for? 

Etter opplæringslova har du rett til slik opplæring viss du 

  • er over 16 år, 
  • ikkje har rett til vidaregåande opplæring og
  • har behov for grunnskule

Kva omfattar opplæringa? 

Retten til opplæring omfattar dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne: norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag.

Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Kva kostar det?

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Korleis søker eg om grunnskuleopplæring for vaksne? 

Her er lenke til søknadsskjema.

Sjå også: spesialundervisning for vaksne 

Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. 

Adresse

Adresse: Høgtunvegen 13, 6104 VOLDA

Kontaktinfo

Rektor Gunstein Ohma, tlf: 46 37 69 79

E-post: gunstein.ohma@volda.kommune.no