Hareid kommune har seks fastlegeheimlar. Ein heimel blir ledig frå 30 november 2019, eventuelt tidlegare etter avtale. Listelengda er 950. Det er for tida ikkje knytt kommunal deltidsstilling til heimelen. 

Det er utarbeidd gode økonomiske vilkår. Vi har stor fleksibilitet og kan legge til rette for gode ordningar. Heimelen er lokalisert i Hareid legesenter som har næringsdrivande legar organisert i eit AS. Kommunen byggjer nytt helsehus som er forventa å stå ferdig i 2020.

Hareid kommune har interkommunal legevakt saman med Ulstein kommune på ettermiddag, kveld og helg. Kommunen er med i interkommunal nattlegevakt saman med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande.

Vi har frå snarast ledig 50% fast stilling som kommuneoverlege. Stillinga er f.t. organisatorisk plassert i sektor for velferd. Vi er i ei spennande tid for utvikling av mellom anna legetenesta. Vi søkjer ein engasjert medarbeidar, som aktivt deltek i samskaping på tvers av sektorar og i dialog med politikarar og innbyggjarar i utvikling av berekraftige tenester. 

Vi har også ledig fastlegeheimel og kommunal delstilling, og vil vere opne for fleksible kombinasjonar for rett kandidat.

Hareid kommune har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut. Stillinga er organisert i eining for helse- og koordinerande tenester i sektor for velferd. Vi ønskjer ein ergoterapeut som deltek positivt i eininga, og som vil vere med å vidareutvikle og skape berekraftige helsetenester i framtida.

Sektor for velferd står framfor ein viktig prosess med omstilling- og nyskapingsarbeid. Stillinga som ergoterapeut vil vere eit viktig bidrag i prosessen.