Assisterande rektor, Øyra skule

Ved Øyra skule er det frå 01.08.2019 ledig 100 % stilling som assisterande rektor. Det er undervisningsplikt lagt til stillinga. Øyra er ein 1. – 7.-skule. Komande skuleår har skulen 349 elevar og kring 50 tilsette. Administrasjonsressursen ved skulen er 250 %. I tillegg har skulen merkantil ressurs på 60 %.

Klikk for stort bileteHovedinngang Øyra skule B. K. Krøvel

Volda kommune har åtte grunnskular. Rektorar og assisterande rektorar er med i leiaropplæring og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjerna.

Saman med helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor for opplæring og oppvekst.

For fleire opplysningar sjå www.voldaskulen.no

Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

Raus – Modig – Kompetent - Lærande

Sektoren sin visjon:

Volda kommune har trygge born og unge som deltek, meistrar og lærer

For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn og ungdom i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege og kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane.

I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader.

I Voldaskulen vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette.

I Voldaskulen er vi inne i ulike satsingar, som og vert vidareført. Vurdering for læring og pedagogisk bruk av IKT-verkty har vore satsingsområde, og i den komande tida vil fagfornyinga få særleg merksemd. Ved Øyra skule har alle elevane sin eigen iPad til bruk i læringsarbeidet.

Assisterande rektor skal støtte rektor i det pedagogiske, faglege og administrative arbeidet slik at skulen vert drive etter gjeldande plan-, lov og avtaleverk og strekker seg mot kommunen sine verdiar og sektoren sin visjon.

Assisterande rektor må kunne fungere som rektor i rektor sitt fråvær.

Vi søker etter ein person som kan vere med å leie skulen mot våre mål. Den som vert tilsette må

  • Ha godkjend lærarutdanning og praksis frå grunnskulen
  • Ha gode leiareigenskapar og gjennomføringsevne
  • Vere engasjert med evne til å inspirere andre
  • Ha vilje og evne til samhandling
  • Vere tydeleg og ha visjonar for skulen si utvikling
  • Kunne motivere og støtte tilsette og elevar til å skape eit godt læringsmiljø
  • Ha god digitaldidaktisk kompetanse
  • Kunne bidra til god ressurs- og økonomistyring
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingevne
  • Ha kjennskap til relevante lov- og avtaleverk

Det er ønskeleg med vidareutdanning innan administrasjon og leiing samt leiererfaring. Viss den som vert tilsett ikkje har slik vidareutdanning, er det forventa at det vert teke innan tre år.

Vi kan tilby:

  • Aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Erfaringsdeling og god oppfølging
  • Gode forsikringsvilkår
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse med lånemogelegheiter


Vi kan tilby spanande og varierte oppgåver i ein skule i utvikling. Som assisterande rektor vert du følgt opp gjennom medarbeidarsamtalar og månadlege skuleleiarmøte.

Øyra skule er praksisskule for lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Assisterande rektor har medansvaret for å legge til rette for eit godt samarbeid og samhandling med høgskulen og at studentane får ein god praksis i skulen.

Kommunen nyttar nynorsk som målform.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i SPK. Stillinga som assisterande rektor er plassert i HTA kap. 4. Løn etter avtale.

Ved organisatoriske endringar må assisterande rektor vere budd på endring i arbeidsoppgåvene

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet. CV må fyllast ut i søknaden.

Arkivsaknr. 2019/8169. ID 1030. Søknadsfrist: 03.05.2019
 

Ved tilsetting vert dei personlege eigenskapane lagt stor vekt på. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Gruppeintervju kan bli aktuelt. Referansar vil verte nytta. Ved intervju skal det leggast fram rettkjende kopiar av vitnemål og attestar. Det er avsett tid til intervju måndag 6. mai.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr opplæringslova § 10-9.

Prøvetida er 6 mnd.

For fleire opplysningar kring stillinga: Kontakt rektor Else Lill Riise tlf 907 96 096 eller oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik tlf 905 36 757 eller per.ivar.kongsvik@volda.kommune.no

 

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.