Autorisert sjukepleiar

Det er frå dags dato ledig 100 % fast stilling for autorisert sjukepleiar, i ambulerande heimetenester.

Vil du vere med på laget vårt og gje gode dagar for brukarane, er du kanskje nettopp den vi leitar etter! Vi treng ein inspirert, positiv og glad ny kollega som ynskjer seg utfordringar! Passer du denne beskrivinga ser vi fram til å få deg som medarbeidar.

Stillinga har p.t. todelt turnus med arbeid på helg. Dette er ei eining med høg kompetanse som yter tenester til heimebuande i Volda. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar ilag med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og veiledning, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å gi tenester av høg kvalitet. Vi har mentorordning. Arbeidsdagane er varierte på ein arbeidsplass med takhøgde og eit godt arbeidsmiljø! Vi søker etter deg som er kreativ, effektiv og løysingsfokusert, er engasjert, har god humør og gode kommunikasjonsevne og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må i tillegg vere endringsvillig og gjerne ha variert praksis.

Arbeidsoppgåvene er mellom anna:

Yte helsetenester til personar i private heimar, som t.d. kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper frå born til gamle, oppfylging av multisjuke pasientar.

Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon.

Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper.

Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

                                               Raus - Modig - Kompetent - Lærande

Vi kan tilby:
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag.
Heilheitleg oppfylging av brukarar.
Tverrfagleg lagarbeid: vi har demensteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator, spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø.
Tid til fagutvikling er lagt inn i turnus.
Tilgang til E-læringkurs frå NHI og KS.

Fokus på relevant kompetanseutvikling.
Fleksibel arbeidsplass.
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover.
God offentleg pensjonsordning i KLP.

Volda kommune har følgande rekrutteringstillegg:
Auke i grunnløna med kr 15.000,- til alle sjukepleiarar i turnusarbeid, tilsett i minimum 80 % stilling. I tillegg til bonusordning til alle nye tilsette sjukepleiarar i turnusarbeid, tilsett i minimum 80% stilling.

  • Kr 15.000,- utbetalt etter fyrste året som tilsett.
  • Kr 15.000,- utbetalt etter andre året som tilsett.

Dette vil også gjelde for vernepleiarar i sjukepleiarstillingar.

Søkjar må ha førarkort klasse B. Søkjar må gi opp referansar. Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad. 

Volda kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet. CV må fyllast ut i søknaden.
CV må fyllast ut i søknaden.
Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med einingsleiar Elsebeth Goodell Melle Tlf: 911 30 521 eller teamleiar Vegar Batts tlf. 900 89 947

Arkivsak 2019/694.     Søknadsfrist: 14. April 2019

 

Om offentlege søkjarliste

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.