Barnehagelærar 2019/2020

I Volda kommune kan det frå 5. august 2019 verte ledig både faste stillingar og vikariat i dei kommunale barnehagane. Volda kommune har sju kommunale barnehagar. Frå 1. januar 2020 dannar Hornindal kommune og Volda kommune nye Volda kommune.

  •  PEDAGOGISKE LEIARAR
  •  BARNEHAGELÆRARAR
  •  STØTTEPEDAGOGAR

Behovet ved den einskilde barnehage vert klart etter samordna barnehageopptak for barnehageåret 2019/2020. Tilsetting vil skje samanhengande fram til barnehagestart.

Opplæring og oppvekst sin visjon er:

«Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer».

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

 Vi søker deg som har slike kvalifikasjonar:

  • godkjent utdanning som barnehagelærar
  • leiarkompetanse
  • rettleiingskompetanse og gode evner til kommunikasjon

Vi søker deg som:

  • har evne til å bygge gode relasjonar
  • er engasjerte og motiverte i arbeid med barn
  • er tydelege autoritative vaksne
  • er utviklingsorienterte
  • søker tett samarbeid for å nå felles mål
  • har kompetanse innan estetiske fag, friluftsliv, kompetanse for mangfald, språk,
  • IKT og/eller realfag

Vi kan tilby:

  • utfordrande og spennande oppgåver i barnehagar i utvikling
  • eit kreativt og samarbeidande miljø og
  • gode mulegheiter for fagleg utvikling

Dei som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

                                   Raus - Modig - Kompetent - Lærande

 Fleire av barnehagane i Volda er praksisbarnehagar, og dei som får tenestestad ved desse barnehagane må vere budde på å ta på seg rettleiingsoppgåver for studentar.

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppeintervju og individuelle intervju. Aktuelle datoar for gruppeintervju er: 13. mars og 15.mars. Det kan og verte aktuelt med oppfølgingsintervju individuelt.

Attestar og vitnemål skal leverast ved intervju. Søkarar vert bedne om å gje opp referansar. Saman med relevant utdanning og praksis, vil stabilitet og dei personlege eigenskapane verte vektlagde. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg.

Vi ber om at elektronisk søknadsskjema vert nytta.

CV må fyllast ut i søknaden. Søkarane må spesifisere i søknaden kva stilling og eventuelt kva barnehage dei søker.

Fleire opplysningar får ein ved å vende seg til opplæring og oppvekst ved fagkonsulent barnehage Bodil Brautaset tlf. 70 05 88 73, e-post: bodil.brautaset@volda.kommune.no.

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Dei som vert tilsette må legge fram gyldig politiattest, utfylt tuberkulose og MRSA-skjema for styrar, jf. barnehagelova §§ 19 og 23. Prøvetida er 6 mnd.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Stillingane er plassert i kap. 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetting.

Våre tilsette må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform.

Arkivsaknr. 2019/176 ID 1022. Søknadsfrist: 23.02.2019

 

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkar bli unnateke i offentleg søkarliste, dersom søkaren sjølv bed om det. Søkarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.