Driftsleiar for veg og park i Teknisk sektor. 100% fast stilling

Volda kommune har ledig 100 % stilling som driftsleiar ved veg, park og anlegg i Teknisk sektor. Stillinga leier eit arbeidslag med ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, veglys, parkar, ekom infrastruktur, kaier og ute-områder.

Stillinga har arbeidsgjevaransvar for tilsette i eininga. Volda kommune nyttar mange digitale og elektroniske løysingar i det daglege arbeidet. Vi nyttar dette også i samband med planlegging av arbeid og framdrift.

Kommunale prosjekt involverer i stor grad innbyggjarar og stillinga krev at ein klarer å ha tett og god dialog med desse, både skriftleg og munnleg.

Erfaring innan fagområdet og erfaring som leiar vert lagt stor vekt på.
Relevant utdanning frå teknisk fagskule eller vidaregåande skule er ein fordel.
Førarkort klasse B er eit krav, men sertifikat klasse C og maskinførarbevis vert vektlagt.
Fagbrev som er relevante er ein fordel. Dokumentert praksis som leiar er eit krav.
Kompetanse kring digitale hjelpemiddel og sakshandsaming er naudsynt.
Det kan verte aktuelt at stillinga inngår i vaktordningar.

Stillinga er forventa å følgje gjeldande retningsliner frå administrasjon og politiske vedtak.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og fleksibilitet.
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.

Nye Volda kommune sine verdiord er raus, modig, kompetent og lærande. Søkjar bør gjere seg opp ei meining om kva desse orda tyder for eigen del.

Stillinga vil gå inn i «nye Volda kommune» frå og med 2020. Den som vert tilsett må vere villig til å tilpasse seg dei endringane dette vil medføre.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet. CV må fyllast ut i søknaden.

Arkivsak 2019/594 ID 1026     Søknadsfrist 8 april 2019.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP og nyttar nynorsk som administrasjonsspråk. Prøvetida er 6 månader. Løn etter kommunalt avtaleverk.

Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Edvin Løfoll tlf. 91852543.

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.