Driftsoperatør, fagarbeidar vatn og avløp. 100% fast stilling

Volda kommune har ledig 100% stilling som fagarbeidar i eininga for vatn og avløp. Eininga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vatn og avløpsanlegg, samt leidningsanlegg. Arbeidsoppgåvene er varierte og vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø.

Søkjar må være villig til å ta del i beredskap for teknisk- og brøytevakt. Det er difor ynskjeleg at søkar har permanent bustadadresse ferjefritt og ikkje meir enn 20 minutt frå Volda sentrum.

Primært ynskjer kommunen søkjarar med relevant fagbrev, men lang og relevant erfaring kan veie opp for manglande formell utdanning. 
Førarkort klasse B er eit krav, men det er ynskjeleg og vil bli vektlagt om søkjar har klasse C sertifikat.
Det er også ynskjeleg at søkjar har gyldig ADK kurs og erfaring med legging av røyr i grøft. Om søkjar ikkje har ADK kurs, men blir tilsett, må ein være villig til å ta dette. 
Søkjar må også være villig til å ta driftsoperatørkurs for vatn og avløp.

Stillinga vil også inngå i nye Volda frå og med 2020. Søkjar må være villig til å tilpasse seg dei endringar dette måtte medføre.

Det vert vektlagt personlege eigenskapar som samarbeidsevne og fleksibilitet. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Nye Volda kommunes verdiord er raus, modig, kompetent og lærande. Søkjar bør gjere seg opp ei formeining om kva disse orda betyr for seg.

Lønn etter kommunalt avtaleverk.

Spørsmål om stillinga kan rettast til arbeidsleiar ved vatn og avløp Anders Rogne tlf. 990 97 926, eller til einingsleiar for vatn og avløp Lars Fjærvold tlf. 908 63 846.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet. CV må fyllast ut i søknaden.
Arkivsak 2019/183 ID 1023. Søknadsfrist 27.03.2019.

Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad.


Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.