Driftsteknikar i eigedomsavdelinga

Volda kommune v/eigedomsavdelinga har ledig 100% fast stilling som driftsteknikar i si FDV avdeling (forvalting, drift og vedlikehald). Avdelinga er organisert med driftsleiar og tilsette med ulik kompetanse innan FDV.

Dei som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:
                                             Raus - Modig - Kompetent - Lærande

Ansvar- og arbeidsområde

  • Delta i opprusting av kommunale bygg
  • Drifte bygga i Volda kommune
  • Kunne ta ansvar for eigne prosjekt og fylje desse opp
  • Delta i prosjekt til eigedomsavdelinga

Kvalifikasjonar

  • Person med erfaring innan byggdrift/vedlikehald/ eller tømrararbeid mm
  • Førarkort klasse B, ønskjeleg med BE

Eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Du er løysingsorientert og kunne jobbe i team
  • Du har gode kommunikasjonsevner i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du må kunne bruke (enkel) data som arbeidsverktøy

Vi kan tilby

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift
  • Godt arbeidsmiljø

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet.
CV må fyllast ut i søknaden.

Arkivsak 2019/756 ID 1028 Søknadsfrist 28.04.2019
Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad.


Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere
meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei
omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er
tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg
søkarliste blir laga.

 

Med helsing
Trond Barstad
driftsleiar