Ferievikarar i helse og omsorg 2019

Sektor helse og omsorg søkjer etter vikarar med kompetanse i sjukepleie, helsefagarbeidar og miljøterapeut/miljøarbeidar, samt vikarar utan formell kompetanse. Det er behov for vikarar ved sjukeheimsavdelingar, heimetenestene, tenestene for funksjonshemma, kjøkken og tenesta for rus- og psykisk helse.

Sektor helse og omsorg søkjer etter ferievikarar for  2019.

Ferieperiode veke 25 – 32.

Personlege eigenskapar som vert vektlagde:

  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Vere fleksibel og kreativ.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Medverke til å skape ein god kvardag for brukarane.
  • Trivast med å arbeide med menneske.

 

Søkjar må oppgi referanse.

Søkjarar må ha sertifikat klasse B.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet som du finn i denne lenka.
CV må fyllast ut i søknaden.

Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad.

I søknaden må du opplyse kva arbeidsstad du ønskjer og kva tidspunkt du kan arbeide.

Kontakt Volda omsorgssenter for nærare opplysningar, tlf. 70 05 40 00.
Arbeidsstadane i sektor helse og omsorg er røykefrie område.

ID 1011. Søknadsfrist:         31.03.2019     

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
 

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.