Helsefagarbeidar 75% vikariat

Vil du vere med på laget vårt og gje gode dagar for dei eldre på omsorgsbustad, er du kanskje nettopp den vi leitar etter!

Heimetenesta omsorgsbustadar har ledig eit vikariat for autorisert helsefagarbeidar frå 01.02.2019- 31.08.2019. Arbeidsstad er for tida Fjordsyn. Bustaden er døgnbemanna og har tre bugrupper for eldre med ulike behov for helse- og omsorgstenester. Stillinga har todelt turnus med arbeid på helg.

Vi treng ein medarbeidar som er positiv og fleksibel, er god til å arbeide sjølvstendig og i tett samarbeid med andre, og som har eit godt fagleg fokus.

Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk. Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet. CV må fyllast ut i søknaden. Søkjar må oppgi referansar. Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad. Aktuelle søkjarar vert kontakta for jobbintervju.

Søknadsfrist er 10. januar.

Ved spørsmål til stillinga ta kontakt med einingsleiar Astrid Dimmen på tlf 957 70 524 eller teamleiar Lill Kristin Vassbotn på tlf 414 00 027.


Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.

Kontakt

Astrid Dimmen
Leiar
E-post
Telefon 70 05 40 33
Mobil 957 70 524