Ingeniør vatn og avløp. 100% fast stilling i nye Volda kommune

Nye Volda kommune skal i åra som kjem investere og gjennomføre fleire store og små prosjekt. Sektor for samfunnsutvikling søkjer no ein ny ingeniør/sivilingeniør i fast stilling.

Stillinga vil gå inn i sektor for samfunnsutvikling knytt til fagområde vatn og avløp som idag består av to ingeniørar som både arbeidar med drift og investering. Du må kunne arbeide sjølvstendig men også i team der dette er naudsynt.

Vi er ein open sektor med stor takhøgde for spørsmål, og ein hjelper kvarandre so godt ein kan. Vi søker deg som er løysingsorientert og målbevist. Du må også være interessert i prosjektleiing og gjerne ha erfaring med dette frå tidligare.

Vi søker ein ingeniør/sivilingeniør med vatn og avløpskompetanse, men erfaring frå prosjektleiing innanfor andre fagfelt vil kunne vege opp for dette. Ein må vise vilje og evne til å ta ansvar for val og prosjekt og du må vere løysingsorientert og vise omstillingsevne.

Kommunale prosjekt involverer i stor grad innbyggarar og stillinga krev at du klarer å ha ein tett og god dialog med desse, både skriftleg og munnleg.

Du må ha førarkort klasse B.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP

Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet. CV må fyllast ut i søknaden.

Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Arkivsaknr. 2019/176 ID 1021. Søknadsfrist 25.02.2019.


Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.