Lærarstillingar 2019/2020

I Volda kommune kan det frå 1. august 2019 verte ledig både faste stillingar og vikariat i grunnskulen. Behovet ved den einskilde skulen vil vere klart når omfanget av spesialundervisning og interne endringar er avklart.

Utlysinga gjeld stillingar som vert ledige fram til skulestart hausten 2019.

Tilsetting vil skje samanhengande i denne perioden.

Volda kommune har fem barneskular, to kombinerte skular og ein ungdomsskule. Frå 2020 dannar Hornindal kommune og Volda kommune nye Volda kommune.

Volda læringssenter har ansvar for grunnskuleopplæring og spesialundervisning for vaksne.
Senteret har og ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og asylsøkarar i mottak.

For fleire opplysningar sjå www.volda.kommune.no

Opplæring og oppvekst sin visjon er:

 Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer.

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår.

I Voldaskulen vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette. Vi legg elles vekt på at alle lærarar er leselærarar, og alle skulane nyttar SOL som verkty for å fremje elevane sine leseferdigheiter.

I Voldaskulen er vi inne i ulike satsingar, som og vert vidareført framover. Det kan nemnast vurdering for læring og det å utvikle den einskilde lærar sin kompetanse i pedagogisk bruk av IKT-verkty. I Voldaskulen har elevane på 1. -7. trinn sin Ipad, medan elevane på 8.-10. trinn har eigen Chromebook.

Vi søkjer etter engasjerte lærarar som har gode kunnskapar i faga dei skal undervise i. Vi søkjer etter autoritative vaksne som er gode klasseleiarar, og har evne til å bygge gode relasjonar til elevane. Dei som vert tilsette må kunne ta på seg kontaktlæraransvar.

Til barnesteget søkjer vi spesielt etter lærarar med fylgjande kompetanse:

30 stp i norsk, matematikk og/eller engelsk
Spesialpedagogikk

Til ungdomssteget søkjer vi spesielt etter lærarar med fylgjande kompetanse:

60 stp i norsk, matematikk og/eller engelsk
30 stp i språkfag: tysk og/eller spansk
30 stp i kroppsøving
30 stp i musikk
30 stp i kunst og handverk
Spesialpedagogikk
Teknologi

Fleire av skulane i Volda er praksisskular, og dei som får tenestestad ved desse skulane må vere budde på å ta på seg rettleiingsoppgåver overfor studentar.

Dei som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:
                           Raus– Modig – Kompetent – Lærande

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppeintervju og individuelle intervju. Aktuelle datoar for gruppeintervju er: 5. mars, 8.mars, 29. mars og 5.april. Det kan og verte aktuelt med oppfølgingsintervju individuelt.

Attestar og vitnemål skal leverast ved intervju. Søkarar vert bedne om å gje opp referansar. Saman med relevant utdanning og praksis, vil stabilitet og dei personlege eigenskapane verte vektlagde. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg.

Vi ber om at elektronisk søknadsskjema vert nytta. 
CV må fyllast ut i søknaden.
Søkarane må spesifisere i søknaden kva fag dei har 30, 60 eller meir studiepoeng i, og kva skuleslag som er aktuelle.

Fleire opplysningar får ein ved å vende seg til opplæring og oppvekst ved fagkonsulent skule Håvard Strand tlf. 700 58 874, e-post: havard.strand@volda.kommune.no.

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Dei som vert tilsette må legge fram gyldig politiattest for rektor, jf. oppl.l. § 10-9. Prøvetida er 6 mnd.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i SPK.

Stillinga er plassert i kap. 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.

Våre tilsette må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform.

Arkivsak 2019/170. ID 1019. Søknadsfrist: 23.02.2019

 

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit, og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.