Lærling 2019

Volda kommune har ledige lærlingestillingar i desse faga:

·                    Helsearbeidarfaget

·                    Barne- og ungdomsarbeidarfaget

·                    Institusjonskokkefaget

Oppstart i august 2019 eller etter nærare avtale.

Søkjar må ha fullført VG I og VG II innan læretida tek til.

Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til samtale.

Nærare opplysningar, ta kontakt med Solfrid Teigen tlf. 952 38 997, e-post: solfrid.teigen@volda.kommune.no

Vi ber om at elektronisk søknadsskjema vert nytta: Søknadskjema.
CV må fyllast ut i søknaden. 
Søkjarane må spesifisere i søknaden kva for lærefag dei søkjer.

Skriv litt om deg sjølv, og kvifor du søkjer læreplass i Volda.
Legg ved kopi av attestar og vitnemål, evt. siste karakterutskrift frå skulen. Gje opp referansar.

Arkivsaknr. 2019/169. ID 1020. Søknadsfrist: 01.03.2019

Kommunen nyttar nynorsk som målform.

Dei som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

                                     Raus – Modig – Kompetent – Lærande
 

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.