Rektor ved Dalsfjord skule

Ved Dalsfjord skule er det frå 01.08.2019 ledig 100 % stilling som rektor. Dalsfjord er ein 1. – 10.-skule, komande skuleår har skulen 53 elevar og kring 10 tilsette. Administrasjonsressursen er 90 %.

Volda kommune har åtte grunnskular. Rektorar er med i leiaropplæring og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjerna.

Saman med helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor for opplæring og oppvekst.

 

Sektoren sin visjon:

Volda kommune har trygge born og unge som deltek, meistrar og lærer

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren.

For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for born og ungdom i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege og kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane.

I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle born, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. Alle våre born og unge skal ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.

Sektor for opplæring og oppvekst er ein lærande organisasjon der erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har fokus.

I Voldaskulen vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette.

I Voldaskulen er vi inne i ulike satsingar, som og vert vidareført. Mellom satsingsområda er Vurdering for læring og pedagogisk bruk av IKT-verkty. Ved Dalsfjord skule har alle elevane sin eigen iPad/Chromebook til bruk i læringsarbeidet.

Vi søker etter ein person som kan leie skulen mot våre mål. Den som vert tilsette må

  • Ha godkjend pedagogisk utdanning og formell undervisningskompetanse og praksis frå grunnskulen
  • Ha gode leiareigenskapar og gjennomføringsevne
  • Ha vilje og evne til samhandling
  • Vere tydeleg og ha visjonar for skulen si utvikling
  • Kunne motivere og støtte tilsette og elevar til å skape eit godt læringsmiljø
  • Ha god digitaldidaktisk kompetanse
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingevne
  • Ha kjennskap til relevante lov- og avtaleverk

Det er ønskeleg med vidareutdanning innan administrasjon og leiing samt leiererfaring. Viss den som vert tilsett ikkje har slik vidareutdanning, er det forventa at det vert teke innan tre år.

Vi kan tilby:

  • Aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Erfaringsdeling og god oppfølging
  • Gode forsikringsvilkår
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse


Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

Raus - modig - kompetent - lærande
 

Vi kan tilby spanande og varierte oppgåver i ein skule i utvikling. Som leiar vert du følgt opp gjennom medarbeidarsamtalar og månadlege skuleleiarmøte. Som leiar i Volda kommune vil du også ta del i kommunen si leiaropplæring.

Kommunen nyttar nynorsk som målform.
Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i SPK.

Stillinga som rektor er plassert i HTA kap. 3.4.2. Løn etter avtale. Som rektor har du eit sjølvstendig ansvar for drifta av skulen med omsyn til budsjett-, økonomi- og personalansvar.

Ved organisatoriske endringar må rektor vere budd på endring i arbeidsoppgåvene.

Ved tilsetting vert dei personlege eigenskapane lagt stor vekt på. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Gruppeintervju kan bli aktuelt. Referansar vil verte nytta. Ved intervju skal det leggast fram rettkjende kopiar av vitnemål og attestar. Det er avsett tid til intervju 18.02 og 20.02.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr opplæringslova § 10-9.

Prøvetida er 6 mnd.

For fleire opplysningar kring stillinga: Kontakt oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik tlf 905 36 757 eller per.ivar.kongsvik@volda.kommune.no


Arkivsak 2019/95. ID 1017. Søknadsfrist: 09.02.2019

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet.
CV må fyllast ut i søknaden.

Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad.


Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.