Sjukepleiar, to 1års vikariat

Ledig 1års vikariat 2 x 100% sjukepleiarstilling frå d.d., 2 etg. ved Volda omsorgssenter.
Vi søkjer etter offentlig godkjent sjukepleiar med variert praksis, gjerne både frå institusjon og heimeteneste.

Stillingane er i 2.etg på Volda omsorgsenter. 2.etg er ei avdeling for personer med demens.

Avdelinga har 4 bugrupper. Felles for alle 4 bugruppene er at miljøarbeid og sjå kvar enkelt beboer står i fokus. Personalet jobbar med ein tanke om at øyeblikkets gleder er viktige.

Vi jobbar etter Volda kommune sine verdiar Raus, Modig, Kompetent og Lærande

 

Kven søkjer vi:

Vi treng inspirerte, positive og glade nye kollegaer som ynskjer seg utfordringer! Passer du denne beskrivinga ser vi fram til å få deg som kollega. 

Eigenskapar og kompetanse som vert vektlagd hos søkjar:
Kunne motivere og skape tillit både med brukarar og andre tilsette.
Fokus på fag og fagutvikling.
Vere fleksibel og kunne tilpasse seg arbeid i ulike avdelingar.
Kunne arbeide sjølvstendig, men også samarbeide godt med andre.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø. 
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.

Vi kan tilby:

  • Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
  • Heilheitleg oppfølgjing av brukarar: får bygge relasjonar til brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg lagarbeid: vi har demensteam, kvardagsrehabiliteringsteam,  frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator, spesialisert korttidsavdeling.
  • Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
  • Tid til fagutvikling lagt inn i turnus
  • Tilgang til e-læringkurs frå NHI
  • Fokus på relevant kompetanseutvikling, høve til vidareutdanning
  • Fleksibel arbeidsplass, høve til jobbrotasjon, bevegeleg arbeidstidsordning på fleire avdelingar
  • Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover


Søkjar må oppgi referansar. Søkjar må ha førarkort klasse B.


Arkivsak 2018/2257 ID 1009. Søknadsfrist: 20.12.2018

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet som du finn i denne lenka.
CV må fyllast ut i søknaden.

Ved spørsmål ta kontakt med einingsleiar Lise Charlotte Ekros, Tlf: 70 05 40 12 / 908 30 773

Epost: lise.charlotte.ekros@volda.kommune.no

Attester og vitnemål skal leverast på førespurnad. 

Om offentlege søkjarliste:
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.