Vikarar, ekstravakter, småstillingar, helse og omsorg

I helse - og omsorgssektoren er det behov for ekstrahjelper, vikarar/tilkallingsvikarar samt nye medarbeidarar til helgearbeid.

Det kan vere aktuelt med helgearbeid annakvar og tredjekvar helg.

Høgskuleutdanna og fagabeidarar innan helse og sosial, samt ufaglærte har høve å søkje. Det blir gitt arbeidsavtale i inntil eit halvt år.

Det finst også vakante ”helgestillingar.” Faglært personell kan søkje om fast tilsetjing i slik stilling.

Personlege eigenskapar som vert vektlagde ved tilsetjing av personell i helse- og omsorgsavdelinga:

  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig og vere fleksibel og kreativ.

  • Kunne motivere og skape tillit blant tilsette og tenestemottakarar.

  • Vere pådrivar for å skape fagorientert og lojal personalgruppe.

  • Gode samarbeidsevner.

  • Søkjar til heimetenesta må ha sertifikat klasse B.

  • Søkjar må oppgi referansar.

  • Kompetanse i teiknspråk er ønskjeleg

Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

raus - modig - kompetent - lærande

Vi ber deg nytte vårt elektroniske søknadsskjema når du sender søknaden din. CV må fyllast ut i søknaden.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal sendast som epost til postmottak@volda.kommune.no eller til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Husk referanse til stillingsID.

Arkivsaknr. 2017/1396 ID 879

Ta kontakt med servicekontoret dersom du evt. ønskjer å få tilsendt søknadsskjema på papir.

Søknad med vedlegg vert ikkje returnert, men vert makulert etter tilsetjing.

Om offentlege søkjarliste

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, bør grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste blir laga.