Elevpermisjon

Å få permisjon frå undervisninga er ikkje ein rett etter opplæringslova § 2-11, men etter søknad kan kommunen innvilge inntil to veker når kommunen finn det forsvarleg.

I Volda kommune er dette spørsmålet delegert til rektor ved den einskilde skule. Kontaktlærar kan innvilge fri inntil tre dagar.

Les "Retningsliner for søknad om elevpermisjon (PDF, 313 kB)" for meir informasjon.

Det er ikkje skuleplikt i Noreg, men opplæringsplikt. Det inneber at dersom føresette i periodar vel å ikkje la skulen ta hand om opplæringa, må dei sjølve ta ansvar for denne. I spørsmål om heimeundervisning gjeld eigne, forvaltningsmessige reglar.

Når søknader om permisjon skal vurderast, må ein ta omsyn til den einskilde elev og vurdere om eleven med dette får ei forsvarleg grunnskuleopplæring.

Permisjon kan ikkje gjevast utover to veker Dersom dei føresette ønskjer å ta eleven ut for ein lengre, samanhengande periode utover to veker, må dette sjåast på som privat undervisning, jfr § 2-13. Eleven blir difor formelt skriven ut frå skulen som elev, og foreldra/føresette har det fulle ansvaret. Kommunen skal imidlertid ha tilsyn med den private undervisninga, etter   § 14-2. Sjå elles kommunen sine eigne rutinar for heimeundervisning (PDF, 201 kB) og tilsyn i høve dette (PDF, 191 kB).

Korleis søke om elevpermisjon:

Du sender inn begrunna søknad ved å nytte deg av dette søknadsskjemaet