Varsling

Volda kommune legg til rette for at tilsette kan varsle om kritikkverdige forhold i verksemda, i samsvar med Arbeidsmiljølova.

Kva er varsling?

Varsling er å seie i frå om kritikkverdige forhold i verksemda, til nokon som kan gjere noko med dette. Arbeidsmiljølova sine varslingsreglar er nedfelt i lova.

  1. Du har rett til å varsle munnleg eller skriftleg
  2. Varsling kan skje til:
    1. Næraste leiar/avdelingsleiar/rådmann
    2. Verneombod/tillitsvald
    3. Direkte til offentleg tilsynsmyndigheit
  3. Mottakar skal skrive ned dei munnlege opplysningane i saka
  4. Dersom saka ikkje vert løyst på lågaste nivå, skal ho sendast vidare tenesteveg
  5. Varslar skal ha tilbakemelding om utfallet
  6. Varslar er verna mot negative reaksjonar. Dette gjeld alt som har karakter av straff eller sanksjon

Kva er kritikkverdige forhold?

Kritikkverdige forhold kan vere brot på lovreglar, interne retningsliner eller etiske normer. Dette kan til dømes vere:

  • mobbing
  • seksuell trakassering
  • diskriminering
  • rusmisbruk
  • dårlege psykososiale eller fysiske arbeidsforhold
  • forhold som utgjer ein fare for liv og helse
  • farlege produkt
  • underslag, tjuveri og bedrageri
  • korrupsjon
  • økonomisk utroskap

Kritikkverdige forhold kan også vere at tilsette ikkje får i vareteken sine rettar som arbeidstakarar.

Kven kan varsle?

I følgje Arbeidsmiljølova har alle tilsette rett og plikt til å varsle om kritikkverdige forhold i Volda kommune.

Desse retningslinene for varsling gjeld i utgangspunktet alle tilsette i Volda kommune, i tillegg gjeld dei for innleidd arbeidstakar, lærlingar og studentar.

Eksterne personar som innbyggarar, pårørande, samarbeidspartar politikarar eller andre, kan også varsle om eit kvart kritikkverdig forhold i Volda kommune. Her gjeld retningslinene så langt dei passar.

Korleis varslar eg?

I følgje Arbeidsmiljølova § 2A-1 (2) skal arbeidstakars framgangsmåte ved varsling vere forsvarleg, og i samsvar med desse rutinane.

Varsling kan gjerast munnleg eller skriftleg. Tilsette kan bruke det elektroniske varslingssystemet i Compilo (som dei finn link til på Intranettet). Elektronisk varsel går direkte til rådmannen.

Kven skal eg varsle til?

Som hovudregel skal du varsle til næraste leiar. Du kan også varsle internt til leiinga indirekte via plasstillitsvalde eller hovudtillitsvalde, til verneombod eller hovudverneombod.

I tillegg har du alltid rett til å varsle til tilsynsmyndigheitene eller andre offentlege myndigheiter, t.d Arbeidstilsynet, Datatilsynet mm.

Kva krav stillast til varslinga?

  • Framgangsmåten ved varsling skal vere forsvarleg. Kva som er forsvarleg framgansmåte er ei konkret og skjønnsmessig vurdering. Hensikta er å stille krav til måten varslinga skje på, ikkje å avgrense retten til varsling. Som tilsett har du ein romsleg margin for å utøve skjønn med omsyn til val av framgangsmåte.
  • Du har alltid rett til å varsle i samsvar med varslingsplikt eller kommunens rutiner for varsling.
  • Du har alltid lov å varsle tilsynsmyndigheiter eller andre offentlege myndigheiter, som t.d Arbeidstilsynet og Datatilsynet.

Kva når varselet gjeld rådmannen?

Når varselet gjeld rådmannen skal varselet gå direkte til ordføraren, som fyl eigne prosedyrar for handtering av dette.

Kva prinsipp ligg til grunn når arbeidsgjevar mottek eit varsel?

  • Alle varsel skal takast alvorleg
  • Alle varsel skal handsamast med ein gong
  • Det er mogleg å varsle anonymt
  • Måten det er varsla på (skriftleg, munnleg, elektronisk) skal handsamast likt
  • Alle varsel skal handsamast konfidensielt
  • Alle skal kunne varsle utan frykt for konsekvensar. Gjengjelding mot deg som varslar er forbode
  • Varslar(ane) skal få tilbakemelding innan rimelig tid (om ikkje varslar er anonym)

Kva om eg ikkje er tilsett?

Om du ikkje er tilsett og ønskjer å varsle om kritikkverdige forhold, kan du gjere dette til administrativ eller politisk leiing i kommunen.

Om varselet gjeld rådmann og ordførar, kan du søke råd hjå andre offentlege instansar som Arbeidstilsynet, Økokrim, skatteetaten, Konkurransetilsynet, Datatilsynet, Miljødirektoratet, Helsetilsynet eller andre du har tillit til.

Nyttige lenker