Grendautval i Volda

Grendautval i Volda

Kommunestyret nemner opp grendautval i dei krinsane som ønskjer det etter tilråding frå bygdamøte/årsmøte og ser til at utvala får breiast mogleg samansetjing.

Kvart utval bør ha 3 - 5 medlemer med personlege varamedlemer. Medlemer og varamedlemer i kommunestyre kan vere medlemer. Kommunen vert delt inn i 18 grendautval.

Grendautvala si oppgåve er å bygge ut kontakten mellom dei folkevalde organa - formannskap og kommunestyre - og lokalmiljøet i saker som har interesse for krinsen, og å arbeide for at flest mogleg av sakene kan løysast i felleskap til beste for krinsen.

Grendautvala har frist til 31. mai kvart år med å sende inn oversikt over dei nye styra i grendautvala. Kommunestyret oppnemner styra i i grendautvala på kommunestyremøtet i juni. Funksjonstida i grendelaga skal vere 2 år.

Dei grendautvala som har levert inn oversikt over nytt styre, årsmelding og rekneskap for siste år innan 31. mai, vil også få utbetalt det årlege kommunale tilskotet til grendautvala.

Grendautval
Grendautval Leiar E-post
Austefjord grendalag Odd Harald Sundal ohsundal@tussa.com
Bjørke grendalag Nina Viddal bjorkegrendalag@gmail.com
Bjørkedal grendalag Liv Signe Kvamme bj.grlag@gmail.com
Dalsbygd grendautval Tove Nilsen Løset tove.nilsen.loset@mrfylke.no
Dravlaus og Innselset grendautval Jorunn Beate Lillebø Lande jobe_lilleboe@hotmail.com
Folkestad grendautval Cecilie Børtveit cmbortveit@hotmail.com
Hornindal grendeutval Ove Rand ove.rand@enivest.net
Høydal Velferdslag/grendalag Linda Hatlestad hatlestad50@gmail.com
Indre Dalsfjord grendalag Gunnar Rovde gunnar.rovde@tussa.com
Kalvatn grendalag Sivert Kalvatn klarasivert@gmail.com
Kilsfjord grendalag Oddbjørn Følsvik oddbjorn.folsvik@gmail.com
Lauvstad og Velsvik grendalag Arne Oddmund Torvik arne.torvik@yahoo.no
Mork grendalag Kjetil Brune Gjertsen morkgrendalag@gmail.com
Vikebygda grendalag Jonas Reitan grendautval@vikebygda.no
Volda sentrum grendalag Espen Stray Helle espenhelle@gmail.com
Hjartåbygda grendautval Tonje Berg Bakkebø tonjekb@live.com
Heltne Bratteberg grendalag Elisabeth Wiik elisabethwiik@hotmail.com

Engeset/Klepp/Nordalen grendautval, har ikkje sendt inn kontaktinformasjon.